Nav-kontora i Vestland utviklar og forbetrar dei sosiale tenestene
Statsforvaltaren i Vestland har i år tildelt 18,2 millionar kroner i prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 25 utviklingsprosjekt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nav-kontora har mange utfordringar og arbeider målmedvite for å forbetre tenesteytinga si. Som eit bidrag til Navs utviklingsarbeid tilbyr statsforvaltarane midlar til treårige utviklingsprosjekt for å forbetre dei sosiale tenestene i Nav.
Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer vil Nav forbetre kvaliteten i dei sosiale tenestene, og med det hjelpe brukarane til å få betre levekår.
18 210 000 kroner
I 2023 fekk vi 17 580 000 kroner frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland. Dette er nøyaktig same sum som fjorårets løyving.
Fleire prosjekt fekk siste tilskot i fjor, etter å ha fått prosjektmidlar for tre år. Vi hadde difor rom til å gi tilskot til å starte opp 6 nye prosjekt i 2023, i tillegg til dei 18 pågåande prosjekta som ikkje er ferdig med treårsperioden sin.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har eigne midlar til prosjekt som ikkje har fått tilskot frå Statsforvaltaren. Vi fekk 630 000 kroner derfrå til ein stilling i prosjektet «Sommar- og deltidsjobb til ungdom 16-25 år» ved Nav Alver. Det betyr at det er sju nye prosjekt som startar opp i 2023, og vi fekk 18 210 000 kroner til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland.
Sju nye prosjekt
I 2023 har kommunane i Vestland søkt om til saman 13,3 millionar kroner i statleg tilskot til 21 stillingar i 12 nye prosjekt. Med årets økonomiske ramme hadde vi rom for å kunne innvilge omtrent halvparten av desse søknadene. Dei sju Nav-kontora som fekk innvilga tilskot til nye prosjekt i år er:
- Nav Alver – to stillingar i prosjektet «Første steg»
- Nav Askøy – to stillingar i prosjektet «Din veg mot arbeid og meistring i kvardagen»
- Nav Bergenhus – to stillingar i prosjektet «Ka `no? - 2»
- Nav Årstad – to stillingar i prosjektet «Familiekoordinator»
- Nav Osterøy – ei stilling i prosjektet «Inkluderande familiearbeid»
- Nav Sveio – ei stilling i prosjektet «Framtidsbasar for familien»
- Nav Alver – ei stilling i prosjektet «Sommar- og deltidsjobb til unge»
I denne lenkja kan du sjå oversikt over alle dei 25 prosjekta i Vestland.