"Team Ung veiviser"
Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 til 2023 hadde Nav Askøy prosjektet «Team Ung veiviser». Vi har lyst å fortelje litt om prosjektet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nav Askøy ønskte å utvikle tenesta til unge sosialhjelpsmottakarar som stod langt frå arbeidslivet og trong tett og koordinert oppfølging. Målgruppa var unge i alderen 18-24 år med sosiale og/eller økonomiske utfordringar. Gjennom prosjektarbeidet skulle Nav-kontoret auke deira kompetanse og ha moglegheit for ambulerande oppfølging, som heimebesøk eller møte med ungdommar der dei er. Nav ville også etablere samarbeid med andre offentlege aktørar og med frivilligheita. Målet var å hjelpe dei unge inn i jobb, utdanning eller anna aktivitet.
«Å vere i utanforskap kan følast einsamt»
Dei unge ønskjer å vere som andre unge, men kan samtidig oppleve det som uoppnåeleg. Dette fortalde prosjektmedarbeidar Elisabeth Holmedal på avslutningsmøte for prosjektet. Ungdom treng ein trygg vaksenperson i livet, og dei kan ofte ha bruk for koordinerte og samordnande tenester. Dette kan vere unge som ikkje har mykje støtte frå nettverk eller familie. Dei har kanskje hatt ein vanskeleg oppvekst, ikkje fullført skulegang og har ikkje vore i kontakt med nokon på ei stund. Nokre har lite tru på det offentlege hjelpesystemet og dei kan ha motstand mot Nav. Difor blir relasjonsarbeidet særleg viktig; det å skape tillit og hjelpe dei unge der dei er, blant anna ved å møte dei utanfor Nav-kontoret.
Nav Askøy fortalde også at fleire av dei unge vegrar seg for å oppsøkje lege. Prosjektet har difor delteke på møte med lege og har involvert seg i individuelle planar der det er aktuelt. Dei erfarer at fleire unge har ei udiagnostisert psykisk liding. Mange av dei fell mellom to stolar.
Fleire har også utfordringar med bustad, økonomi, manglande kompetanse og utfordrande relasjonar. Difor er det nødvendig å jobbe heilskapleg med dei for å løyse sosiale problem og hjelpe dei ut i meiningsfull aktivitet.
Det nyttar å følgje opp på den måten prosjektet har gjort. Prosjektet har hjelpt fleire av dei unge inn i jobb, utdanning og aktivitet.
Nav Askøy utvida målgruppa til også å inkludere brukarar opptil 30 år. Det er fleire som kan nyttiggjere seg av metoden og den ambulante oppfølginga. Dei vurderte også å utvide gruppa til å inkludere brukarar som har arbeidsavklaringspengar. Desse kan kanskje særleg trenge den tette oppfølginga i overgangen frå sosiale tenester til statleg yting.
Vegen vidare
Nav Askøy tek med seg erfaringane, kompetansen og metoden frå prosjektet vidare i oppfølginga av ungdomsgruppa. Waqas Younis er avdelingsleiar ved Nav-kontoret og har vore prosjektets leiar. Han fortel at dei i ungdomsavdelinga satsar på jobbspesialistar og heilskapleg oppfølging av utsette unge som står langt unna arbeid.
Nav vil byggje vidare på det dei har lært av prosjektet. Heimebesøk og møte utanfor Nav-kontoret kan vere nyttig for å forstå dei unges fullstendige situasjon og for å skape relasjon.
Det har vore spennande og givande å følgje «Team Ung veiviser». Dei har gjort ein forskjell for mange unge som stod utanfor samfunnet, og fleire har blitt inkludert. Vi ønskjer Nav-kontoret lukke til vidare i det viktige arbeidet.