Fleire barn veks opp i heimar med låg inntekt
Det er ein del av utfordringsbildet som kjem fram i folkehelseoversikta for Vestland fylke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rapporten «Vestland – folkehelseoversikt 2019-2023» viser også at 25 prosent av femteklassingane er på lågaste nivå i lesing, og at i delar av den nye regionen kan snart ein av tre vere over 67 år.
Folkehelseoversikten viser at det særleg er unge i etableringsfasen som bur i hushald med låg inntekt over tid. Vi ser også at det er fleire eineforsørgjarar no enn før.
I tillegg har bustadprisane i komande Vestland fylke auka stort samanlikna med resten av landet. Delen av barn som bur i hushald med låg inntekt har auka på landsbasis - og auken har vore høgare i Sogn og Fjordane enn i Hordaland, og i resten av landet. Å vekse opp i heimar med låg inntekt kan gi mange negative ringverknadar.
«Vestland – folkehelseoversikt 2019-2023» er utarbeidd av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar.