Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar
I den nye folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 31.03.2023
Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde, og er regjeringa sin strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar. Innsatsområda er:
- dei samfunnsskapte vilkåra for god helse
- levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
- psykisk helse og livskvalitet
- vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø
- kommunikasjon og innbyggardialog
- førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta
Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken. For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.