«Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv»
Det er bodskapen til Helse Vest sin folkeopplysingskampanje som kjem i vinter.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan hjelpe, heiter det på Helse Vest si kampanjenettside.
For å bidra med kompetansespreiing og informasjon har Helse Vest laga ei ressurside om sjølvmordsførebygging på nett. Målet er å gjere dei som jobbar i kommune og fylkeskommune betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelege samtalane.
Det er viktig at kommunane synleggjer kva hjelpetilbod som finst i kommunen og gjer dette kjent for innbyggjarar og fastlegar i kommunen.
Her kan du lese meir om «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv», og her finn du Helse Vest si ressursside om sjølvmordsførebygging på nett.
Her kan du lese meir om ulike verktøy i arbeidet med sjølvmordsførebygging.