Bergen kommune driv med for høg risiko for svikt ved øyeblikkeleg hjelp døgntilbod og legevakt
Fylkesmannen finn at kommunen ikkje har sørgja for at øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet og legevakta har eit forsvarleg journalsystem. Vi har og konkludert med at det har vore svikt i styringa av øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi har ført tilsyn med Bergen kommune på bakgrunn av varsel etter helsepersonellova paragraf 17 om uforsvarlege journalsystem ved einingar i Etat for helsetenester. Opplysningane i varselet om bemanning, samarbeid og journalsystem kunne tyde på at kommunen driv med ein for høg risiko for svikt.
Vi har undersøkt om kommunen ved si styring sørgjer for at krav til forsvarleg verksemd og pasienttryggleik blir ivaretekne.
Bergen kommune har frist til 1. august til å sende inn plan for retting.
Avgjerd i tilsynssaka kan ein lese under Dokument.