Bli med på markering av handhygienedagen

Illustrasjonen viser ein teikneserie.
Bildet viser ein teikneserie. Illustrasjon av TegneHanne

«Det skal vere lett å gjere rett!» er hovudbodskapen på handhygienedagen 5. mai 2023. Bli med på markeringa.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.03.2023

Sjølv om handhygiene i seg sjølv er ein enkel prosedyre, viser erfaring og forsking at det ofte er utfordrande for helsepersonell å utføre handhygiene til rett tid og på rett måte. Vi må derfor gjere det enkelt å gjere rett i ein travel kvardag. Tema for årets markering er handhygienefasilitetar og «bar fra albuen og ned».

Målgruppe er alle delar av helse- og omsorgstenesta og Folkehelseinstituttet (FHI) oppmodar helsetenestene om å melde seg på. Les meir om markeringa på FHI.

Det er utarbeidd informasjons- og undervisingsmateriell som plakatar, filmar, presentasjonar og quiz. Aktivitetar og tilgjengeleg materiell finn du på FHI si nettside om handhygiene.

Det blir arrangert fleire nettbaserte kurs om bruk av Nasjonalt verktøy for obsersvasjon av smitteforebyggende tiltak i helsetjenesten (NOST). Les meir om løysingane i Håndbok for NOST.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.