Opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat
Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) har utarbeidd ein opplæringspakke som kommunane kan nytte i opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Innhaldet i opplæringspakken er i tråd med anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og gjeldande prosedyrar for smittevern utarbeidd av hygienesjukepleiar i Helse Førde.
Målet med opplæringsplanen er å sikre at personalet som skal arbeide i kohortavdeling og smitteisolat får ein gjennomgang av sentrale kompetanseområde.
Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) har også laga ein opplæringspakke for ekstrapersonell utan helsefagleg kompetanse, som skal bidra i dei kommunale helse- og omsorgstenestene framover. Les meir om dette her.
Kontaktpersoner
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42