Statsforvaltaren har konkludert med fleire lovbrot ved sjukeheim

Vi har ført tilsyn med Siljuslåtten sjukeheim og ein involvert sjukeheimslege etter varslingar frå fleire pårørande og institusjonssjefen ved sjukeheimen, og konkludert med fleire lovbrot. Vi har også hatt tilsyn med Bergen kommunes oppfølging av varselet frå sjukeheimen.

Publisert 03.11.2025

Siljuslåtten sjukeheim

Vi har kome til at sjukeheimen har brote kravet om forsvarlege helse- og omsorgstenester for fleire av bebuarane vi har gjennomgått journalar for. Lovbrota gjeld oppfølging av grunnleggande behov, medisinsk behandling, medverknad, journalføring, avviksføring, vurderingar kring bruk av tvang og oppfølging av utsegn om vald og varsling ved alvorlege hendingar. Vi har funne manglar ved den systematiske styringa på dei fleste av desse områda.

Sjukeheimslegen

I tilsynet med sjukeheimslegen, har vi kome til at hen har brote kravet om forsvarlege helsetenester for fleire av bebuarane vi har gjennomgått journalar for, når det gjeld medisinsk behandling og oppfølging, samhandling og medverknad med pasient/pårørande og journalføring.

Bergen kommune

Vi har også hatt tilsyn med Bergen kommune, der vi har sett på deira oppfølging av sjukeheimen etter varselet frå institusjonssjefen opp mot kommunens plikt til systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit. På bakgrunn av tilbakemelding om forbetringsarbeid frå kommunen, har vi avslutta dette tilsynet, med ei forventning om at kommunen følgjer opp arbeidet, evaluerer om planlagde tiltak blir gjennomførte og verkar, og eventuelt gjer nødvendige forbetringar.

Vidare oppfølging

Vi har bedt sjukeheimen gå gjennom saka med tanke på læring og forbetring av rutinar og praksis, med bistand frå kommunen. Vidare har vi sett opp eit møte med leiinga ved sjukeheimen og kommunen for å avklare forventningar, vidare prosess og for å få informasjon om planlagt endringsarbeid. Vi har også bedt om å få skriftleg plan for retting av lovbrota innan 1. februar 2026, og vil følgje opp saka til vi har fått tilbakemelding som viser at nødvendige endringar er sett i verk.

Vi har også oppfølging av den aktuelle legen gjennom ei eiga tilsynssak.

Innsyn i saka

Det er mogleg å be om innsyn via e-postadressa sfvlinnsyn@statsforvalteren.no.

Hovudsaka har saksnummer 23/15835, saka med kommunen har saksnummer 24/2098.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.