Statsforvaltaren opnar tilsyn etter at 14-åring døydde
Vi har starta tilsyn med Bergen legevakt og fastlegekontoret.
Publisert 05.11.2025
Vi har fått oversendt varsel frå Statens helsetilsyn etter at ein 14-åring døydde ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har no bedt om journaldokumentasjon og uttale til saka. Når saka er opplyst vil vi gjere vurderinga vår og konkludere.
Vi vil ikkje uttale oss til saka medan den er under behandling.