Vil auke vaksinasjonsdekninga hos helsepersonell
Helsepersonell er meir utsett for smittsame sjukdomar enn befolkninga generelt. Ein ny rettleiar har mål om å auke vaksinasjonsdekninga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 05.12.2019
Målgruppa for rettleiaren er arbeidsgjevarar, og arbeidstakarar med pasientkontakt.
Målet med rettleiaren er å auke vaksinasjonsdekninga hos helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt for å
- hindre at dei spreier smitte til pasientar og kollegaer
- beskytte den tilsette mot sjukdom forårsaka av smittestoff dei blir eksponert for i sitt arbeid
- redusere sjukefråvær, oppretthalde beredskap og kapasitet i helse- og omsorgstenesta
Rettleiaren er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Direktoratet for arbeidstilsynet.