Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet
Endringane i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet tredde i kraft frå 1. januar 2019 og gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet. Endringane i rundskrivet til sosialtenestelova er no publisert.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 03.01.2019
Kort om endringane i kvalifiseringsprogrammet (KVP):
- Den nedre aldersgrensa for deltaking i KVP endrast frå 19 til 18 år.
- Det er gjort ei språkleg endring i lova for å presisere at kommunens lovfesta høve til å avslå søknad om KVP fordi Nav ikkje har høve til å tilby program, berre er meint for unntakstilfelle.
- Avgrensing i varigheit er endra, slik at program vert gjevne så lenge deltakaren fyller inngangsvilkåra, men likevel ikkje lenger enn to år. Unntaksvis kan programmet forlengast med inntil eitt år når særlege grunnar tilseier det.
- Det er ikkje lenger avgrensingar for kor mange gonger ein person kan delta i KVP, så lenge inngangsvilkåra er oppfylt.
- Det er ikkje lenger avgrensingar i kor mange gonger ein person kan takast inn att i eit mellombels avbrote KVP-program.
- Det er høve for fråvær utan kvalifiseringsstønad, slik at det vert gjeve meir rom for fleksibilitet med omsyn til dømes arbeidsutprøving, omsorg for barn og gjennomføring av kortare fengselsstraff.
- Høve for å gjennomføre utdanning, opplæring og læretid innanfor KVP er utvida.