Korleis jobbar kommunane med kvalifiseringsprogrammet og aktivitetsplikta?
Vi ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane om kvalifiseringsprogram og vilkår om aktivitet for unge under 30 år. Vi ber om svar innan 6. januar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kvalifiseringsprogrammet (KVP) er ein rett for personar som fyller vilkåra etter sosialtenestelova paragraf 29. Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å sikre at dei som fyller vilkåra får tilbod om program. Vilkår om aktivitet (aktivitetsplikt) ved tildeling av økonomisk stønad til personar under 30 år blei innført 1. januar 2017. Formålet med aktivitetsplikta er å styrke den enkelte si moglegheit for overgang til arbeid eller utdanning.
Kartlegging til Fylkesmannen innan 6. januar
Fylkesmannen ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i dei to fylka om KVP og aktivitetsplikt, innan 6. januar. Alle Nav-kontor i begge fylka vil få brev om kartlegginga. Informasjonen skal vi mellom anna nytte i samband med vår rapportering til Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Spørsmåla vi ønskjer svar på
Vi ber om at alle Nav-kontor, ved leiar, svarar på spørsmåla under.
Om KVP:
- Korleis sikrar ditt Nav-kontor at KVP er tilgjengeleg for personar i målgruppa?
- Får dei som fyller inngangsvilkåra og har krav på KVP i din kommune/bydel tilbod om program?
- Korleis sikrar ditt Nav-kontor at personar i målgruppa for KVP får tilbod om program?
- Korleis vurderer du at ditt Nav-kontor arbeider med KVP?
- Kva kjenneteiknar, etter di vurdering, Nav-kontor som arbeider godt med KVP?
- Kva utfordringar møter Nav-kontoret i arbeidet med KVP, og har utfordringane endra seg frå 2018?
- Kva tiltak ønskjer du Fylkesmannen skal gjere for å understøtte Nav-kontorets arbeid med KVP?
Om aktivitetsplikt:
- Kva erfaringar har ditt Nav-kontor med aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år?
- Bidreg aktivitetsplikt til at mottakarar av økonomisk stønad under 30 år kjem i arbeid i din kommune/bydel? Grunngje svaret.
- Bidreg aktivitetsplikt til at mottakarar av økonomisk stønad under 30 år startar eller tek opp att utdanning i din kommune/bydel? Grunngje svaret.
- Har du andre tilbakemeldingar frå Nav-kontoret som gjeld KVP og/eller aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år?
Under «Dokument» finn de skjema med spørsmåla i Word-format, som Nav-kontora kan nytte i si tilbakemelding til Fylkesmannen.
Vi ber om at svara innan 6. januar 2020 blir sendt til vårt postmottak: fmvlpost@fylkesmannen.no, og merka med sak 2019/23037. Eventuelt kan de sende inn svar i brevform.