Endring i tilskot til ALIS-avtalar
Helse- og omsorgsdepartementet har gjort om ordninga til to tilskotsordningar, ein for LIS3 i allmennmedisin i næringsverksemd og ein for LIS3 i allmennmedisin som er tilsett i kommunen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 04.03.2021
Målet med ordningane er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusera tal på ledige fastlegeavtalar og auke stabiliteten hjå allmennlegar i spesialisering. Tilskotsordninga vart lyst ut i februar 2021. Les meir om dei to tilskotsordningane på helsedirektoratet si nettside.
- Tilskotsordninga for LIS3 i allmennmedisin i næringsverksemd.
- Tilskotsordninga for LIS3 i allmennmedisin tilsett i kommunen.
Fastlegevikarar utover eit års varigheit vil og vera kvalifisert til tilskotet, så lenge dei har ALIS-avtale.