Oversikt over kurs for LIS1 våren 2024
På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i våren 2024.
Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland våren 2024:
- Kurs i akuttmedisin Helse Førde (for LIS1 i Sogn og Fjordane, minus Gulen), 6.-7. mars
- Kurs i akuttmedisin Nordhordland legevakt (for LIS1 Hordaland og Gulen), 18-19. mars
- Første grupperettleiing, Sogndal, 10. april
- Kurs i offentleg helsearbeid, Sogndal, 11.-12. april
- Andre grupperettleiing i Bergen 12. juni og andre grupperettleiing Skei 12. juni
Lokal rettleiar godkjenner læringsmål
Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.
Kurs i regi av Helfo om takstbruk og legemiddel
Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). De vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melda dykk på den datoen som passar best.
Kurs i nødnett radiobrukar
Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedisin i Førde, får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar 5. mars, ved Førde sentralsjukehus. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde.
Kontaktpersoner
-
Lise Kvam
Tlf: 57 64 31 86