Nav-kontora må identifisere behov for økonomisk rettleiing
Når Nav-kontoret blir merksam på forhold som tilseier at den dei har kontakt med har behov for andre sosiale tenester enn det vedkommande har søkt om, må Nav gi informasjon og tilby andre aktuelle tenester.
Formålet med sosialtenestelova er blant anna å førebyggje sosiale problem. Nav har derfor plikt til å identifisere moglege hjelpebehov. Sosiale problem kan ha samanheng med utfordringar på ulike livsområde, og Nav må ha merksemd på andre livsområde og utfordringar enn berre det vedkommande kom for å få hjelp med. Dette kan til dømes vere arbeid, aktivitet, helse, fritid, heimesituasjon, omsorgsoppgåver, busituasjon, nettverk og økonomi.
Kartlegge
Viss ein person treng mellombels bustad, økonomisk stønad til tannbehandling, eller er i kvalifiseringsprogrammet, kan det vere at vedkommande i tillegg treng økonomisk rettleiing.
Eller motsett, viss ein person ønskjer økonomisk rettleiing, so kan det vere at vedkommande ogso treng individuell plan, er aktuell for kvalifiseringsprogrammet eller treng stønad til fritidsaktivitet til barn.
I dei tilfella ein Nav-tilsett jobbar til dømes med berre ei av tenestene i sosialtenestelova, so må vedkommande også ha kjennskap til dei andre sosiale tenestene, gi informasjon og kartlegge om tenestemottakaren kan trenge ei eller fleire av desse.
Risiko for økonomiske vanskar
For å kunne fange opp moglege behov for økonomisk rettleiing må Nav-tilsette vere særleg merksame på situasjonar med stor risiko for å kome i økonomiske vanskar. Slike situasjonar kan vere overgang frå sjukepengar til arbeidsavklaringspengar, frå lønnsinntekt til dagpengar, frå ungdom til vaksenlivet og utskriving frå institusjon og fengsel i tillegg til endringar i familiesituasjon og samlivsbrot. Dei må ogso vere særleg merksame på situasjonar der personen har psykisk og fysisk sjukdom, stor gjeldsbyrde og utleggstrekk, fått varsel om tvangssal av bustaden, utkasting av bustaden og stenging av straum.
Plikta til å fange opp eit hjelpebehov omfattar å identifisere behov for økonomisk rettleiing utan at personen sjølv uttrykker eit konkret behov for dette.
Tilby
Når Nav fangar opp at nokon treng anna hjelp i tillegg til det vedkommande har bedt om, so må Nav gje tilbod om tenesta. Til dømes om nokon søkjer om økonomisk stønad til å dekkje husleigegjeld eller straumgjeld, so vil det ofte vere naturleg å tilby økonomisk rettleiing. Det same gjeld ved søknad om stønad i ein akutt situasjon, eller på grunn av lønnstrekk. Eit anna eksempel er når nokon søkjer om stønad og får avslag fordi dei skal ha nok inntekt til å dekkje utgiftene sine sjølv. Desse personane kan ha vanskar med å disponere inntekta si og kan dermed ha ei oppleving av at dei ikkje har nok pengar trass i at Navs berekning tilseier at dei skal kunne klare seg utan stønad.
Å ha økonomiske problem kan føre til risiko for utfordringar i andre deler av livet, til dømes med helse, bustad, arbeid og familieliv. Navs plikt til å fange opp og tilby økonomisk rettleiing er derfor viktig for å førebyggje. Gjennom å tilby tenesta so tidleg som mogleg, kan Nav bidra til å redusere dei økonomiske problema og i tillegg hindre at vedkommande får andre utfordringar.