Nav skal samarbeide med barnekoordinatoren

Frå 1. august 2022 er sosialtenestelova paragraf 13 utvida med ein regel om at det er barnekoordinatoren som skal syte for samordning av tenestetilbodet for barnefamiliar som både får sosialhjelp og helse- og omsorgstenester.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.08.2022, Sist endret 16.09.2022

Det står i helse- og omsorgstenestelova at kommunen skal peike ut ein barnekoordinator dersom barn har behov for langvarige og samansette helse- og omsorgstenester og familien også har behov for andre velferdstenester. Det er ein føresetnad at foreldra eller den som samtykker på vegner av barnet, ønskjer slik samordning.

I sosialtenestelova paragraf 13 står det at Nav skal samarbeide med andre offentlege organ og tenesteytarar, og samordne sine sosialtenester med dei andre organa og tenesteytarane. Frå 1. august er det presisert at: «Dersom det er oppnevnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørge for samordning av tjenestetilbudet.»

Du kan lese heile paragraf 13 i sosialtenestelova på Lovdata.no.

Den 15. september kom det ein nasjonal rettleiar for samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira. Føremålet med denne er å forklare reglane nærare, gjere ansvaret tydeleg og gi rettleiing til korleis instansane kan ivareta ansvaret. Fleire direktorat har jobba med å utarbeide rettleiaren.

Du kan lese meir om rettleiaren på nettsidene til Helsedirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.