På tide å opne Nav-kontora
Vi forventar at alle Nav-kontor sørgjer for at innbyggjarane får moglegheit til å komme i kontakt med relevant personell på Nav-kontoret, også ved fysisk frammøte utan avtale.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette skriv Fylkesmannen i Vestland i eit brev til alle kommunane i fylket.
For dei mest sårbare brukarane er dei sosiale tenestene i Nav det siste tryggingsnettet. Difor meiner vi at desse tenestene ikkje kan vere utilgjengelege ved at Nav-kontora ikkje er mogleg å oppsøkje utan avtale.
Brevet er sendt til alle kommunedirektørar eller rådmenn i kommunane i Vestland, med ei forventning om at alle Nav-kontor sørgjer for at innbyggjarane får moglegheit til å komme i kontakt med relevant personell på Nav-kontoret.
Vi legg til grunn at det er fullt ut forsvarleg å opne Nav-kontora dersom ein følgjer dei smittevernfaglege råda som gjeld.