Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad
Arbeids- og sosialdepartementet har kome med nytt rundskriv om rettleiande sosialhjelpssatsar for 2020, gjeldande frå 1. september; Rundskriv A-1/2020.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.09.2020
Det som er nytt sett opp mot førre rundskriv, Rundskriv A-2/2019, er at den rettleiande satsen for barn mellom 0 og 5 år er oppjustert til kr 2 750 per månad. Dette er ein auke som svarar til auka i barnetrygda for barn opp til fylte 6 år gjeldande frå 1. september 2020. Departementet skriv i tillegg at ved utmåling av økonomisk stønad til einslege forsytarar med barn på 0 – 5 år bør det også takast omsyn til at dei mottek barnetrygd for eitt barn meir enn dei har forsytaransvar for.