Markering av den nasjonale handhygienedagen 5. mai 2019
Handhygiene er eit svært viktig tiltak i kampen mot antibiotikaresistens og helsetenesteassosierte infeksjonar. Markeringa er ein viktig del av det førebyggande arbeidet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tema i år er Handdesinfeksjon – til rett tid og med riktig teknikk. Hovudbodskapen ved markeringa i år er at handdesinfeksjon er eit av våre viktigaste smitteverntiltak, og at det må gjerast riktig for å ha (god) effekt. For å sikre effektiv handdesinfeksjon og bryte smittekjeda, må ein bruke nok middel, reingjere heile handa og utføre det til rett tid.
Markering av Handhygienedagen 5. mai er eit godt høve til å rette merksemd mot handhygiene som vårt viktigaste smitteverntiltak, og til å halda seg oppdatert om dei nasjonale tilrådingane for handhygiene.
Fylkesmannen oppmodar alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane om å markere Handhygienedagen 5. mai.