Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar våren 2019
Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 21, 20. – 24. mai, når sjukeheimslegen er til stades. Innleveringsfrist er 19. juni og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ifølgje NOIS-registerforskriften er det obligatorisk for sjukeheimane å delta i prevalensundersøkinga, både i registrering av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk. Fylkesmannen i Vestland oppmodar difor alle sjukeheimane i dei to fylka til å delta.
Ei fullstendig skildring av undersøkinga finn du på nettsida til Folkehelseinstiuttet.
I PIAHnett har du tilgang på resultat frå eigen sjukeheim, sjukeheimar i eigen kommune, eige fylke og heile landet. Helsedirektoratet publiserar kvalitetsindikatorar som viser andel sjukeheimar per kommune og fylke, som deltek i undersøkinga av helsetenesteassosierte infeksjonar, og førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk på www.helsenorge.no.
Sjå e-post frå Folkehelseinstituttet for kontaktinformasjon om du har spørsmål til undersøkinga.