Vedtak om plass på venteliste for langtidsplass på sjukeheim
Dersom kommunen avslår ein søknad om langtidsplass må dei også gjere vedtak dersom søkaren ikkje får plass på venteliste.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommunen må gjere vedtak både når dei kjem til at søkar har rett til å stå på venteliste, og når dei kjem til at søkar ikkje har rett til stå på venteliste. Dette er fordi søkar også skal kunne klage på kommunens vedtak om å ikkje sette vedkommande på venteliste.
Kan gjere begge vurderingane i same vedtak
Kommunen kan ta stilling til både rett til langtidsplass og rett til å stå på venteliste i same vedtak, slik at dette ikkje treng føre til meirarbeid. Kva vurderingar kommunen har gjort om retten til å stå på venteliste eller ikkje, må gå fram av vedtaket. Kommunen må opplyse om klagerett og framgangsmåten for klage også når det gjeld vedtak om plass på venteliste. Fylkesmannen er klageinstans.
Dette seier lovregelen
Kommunen har plikt til å lage forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgnstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a andre avsnitt.
Forskrifta skal også omfatte pasientar som vil vere best tent med langtidsopphald, men der kommunen vurderer at vedkommande med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald.
I forskrifta skal kommunen også regulere korleis dei skal følgje opp dei som ventar på langtidsopphald. Kommunen skal gjere vedtak der det blir tatt stilling til om kriteria over er oppfylt. Dette inneber at kommunen i vedtaks form både må ta stilling til om søkar har rett på langtidsplass, og om vedkommande har rett til å stå på venteliste.