Einskildmeldingar om bruk av tvang
Hovudregelen er at kommunen straks skal sende melding til Fylkesmannen når dei har brukt tvang som skadeavverjande tiltak i nødssituasjonar etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 29.04.2019
Kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova gjeld tvang mot personar med utviklingshemming.
Fylkesmannen har tidlegare sendt brev til alle kommunar i Hordaland med denne orienteringa. Dette er ein oppdatert versjon som blir sendt alle kommunane i Vestland. Klikk på lenke under "Dokument" for å sjå brevet.
Handtering ved bruk av tvang i andre situasjonar/hendingar
Vi får og einskildmeldingar i andre situasjonar frå ein del kommunar. Brevet gir rettleiing i korleis kommunane skal handtere ulike situasjonar/hendingar.