Start av frivillig skogvern for åtte område
- Høringsfrist:
- 31. mai 2020 23:00
Vi sender ut forslag om åtte nye naturresevat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 31. mai 2020.
Etter dialog med grunneigarane, AT Skog og Norskog melder vi formell oppstart med frivillig skogvernarbeid av åtte område i Vestland. Tre av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.
Totalt utgjer areala 12 283 dekar og av desse er om lag 9 480 produktiv skog. I gjeldande kommuneplanar har alle områda føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR) og noko areal avmerkt med omsynssone. Etter ønskje frå aktuelle grunneigarar kan det bli mindre justeringar av områda etter oppstartsmeldinga.
Områda vi melder oppstart på er:
1. Bugen naturreservat (utviding) i Bremanger (457 dekar)
2. Gjeskedalen og Fureskukken i Ullensvang som utviding av Gulbergnotten naturreservat (2542 dekar)
3. Hopslia naturreservat i Samnanger og Bjørnafjorden (2 596 dekar)
4. Kjepso og Litletveit i Kvam som utviding av Uranes naturreservat (978 dekar)
5. Krakksfjellet naturreservat i Solund (1 600 dekar)
6. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad (1 680 dekar)
7. Stronda naturreservat i Høyanger (1 077 dekar)
8. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad (1353 dekar)
Nasjonale naturverdiar
Dei åtte områda fordelar seg over heile fylket og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte mellom anna rike edellauvskogar, eldre kalkrike blandingsskogar, vestnorske regnskogar, rikmyrar og rik sumpskog. Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand. Les meir om områda i dokumenta i høgre marg på denne sida.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.
Utviding av Gulbergnotten vil ikkje ha konsekvensar for konsesjon allereie gitt for ny kraftline gjennom området.
Frivillig skogvern
I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.
I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.
Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om, er alle resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no
Frist for å kome med innspel er 31. mai 2020
I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høringsfrist:
- 31. mai 2020 23:00