Søknad om utsleppsløyve i samband med bygging av vassveg i fjell for Øvre Kvemma kraftverk

Høringsfrist:
18. oktober 2021 23:59

NGK Utbygging AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av vassveg i fjell for Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune.

Publisert 14.09.2021
Figur 1. Oversiktskart. Øvre Kvemma kraftverk er markert med raud kartmarkør.
Figur 1. Oversiktskart. Øvre Kvemma kraftverk er markert med raud kartmarkør.

Om tiltaket

Det skal byggjast 2 400 m tunnel med tverrsnitt på 2,8 m i diameter. Tunnelen skal borast som eit sirkulært hol ved bruk av tunnelboremaskin. Planlagt oppstart er andre halvår 2021, og det er venta at anleggsarbeidet vil vare i totalt 18 - 20 månader. Forventa drivetid for tunnelen er ca. 6 månader.

Det vil i drivefasen av anleggsarbeidet bli danna drifts- og drensvatn frå tunnelboremaskina og innlekkasje av vatn frå fjellet. Vatn frå anleggsarbeidet skal reinsast før utslepp til resipient. Det skal etablerast eit konteinarbasert reinseanlegg som vil bestå av oljeutskiljar og sedimentasjonsbasseng. Før vatnet frå reinseanlegget når resipient er det planlagt å filtrere det gjennom terrenget. Utsleppet til terreng vil vere i enden av tunnelpåhogg, kor avstanden til Lærdalselva er ca. 350 meter.

Figur 2. Arealbrukskart. Området der utsleppet vil vere er markert med raud ring.
Figur 2. Arealbrukskart. Området der utsleppet vil vere er markert med raud ring.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2021/8563. Frist for å gje fråsegn er 18. oktober 2021.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

 

Høringsfrist:
18. oktober 2021 23:59