Vik kommune søkjer om løyve til kompostering av hageavfall

Høringsfrist:
8. oktober 2021 23:59

Vik kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for mottak, kompostering og mellomlagring av hageavfall i Vik kommune. Maksimal årleg mottaksmengde er planlagt til 500 m3 oppkverna masse. 

Publisert 13.09.2021

Aktivitet

Vik kommune ønskjer å nytte Seljadalsvegen 264 til etablering av ny plass for mottak og handtering av hageavfall i Vik kommune. 

Offentleg innsyn

Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.

Merknader til søknaden

Alle som vert vesentleg råka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 8. oktober 2021. 

Høringsfrist:
8. oktober 2021 23:59