Renevo AS søkjer om utvida utsleppsløyve for biogassanlegget på Eldøyane

Høringsfrist:
1. juni 2022 23:59
Anlegget til Renevo AS sitt biogassanlegg er markert med ein blå prikk på kartet. Anlegget ligg på Eldøyane i Stord kommune.
Anlegget til Renevo AS sitt biogassanlegg er markert med ein blå prikk på kartet. Anlegget ligg på Eldøyane i Stord kommune.

RENEVO AS søkjer om utvida utsleppsløyve for behandling og lagring av biologisk nedbrytbart materiale for produksjon av biogass i Stord kommune. Utvidinga omfattar auka  produksjonskapasitet frå 22 000 tonn til 55 000 tonn biologisk materiale.

Publisert 27.04.2022

Om saka 

Søknaden inneber ei auke frå 4 til 10 biogassreaktorarar. Type substrat Renevo AS søker om å ta imot er det same som i føreliggjande løyve. Det er fiskeslam, ensilert død fisk og husdyrgjødsel (storfe).

Søknaden gjer greie for tekniske endringar ved biogassanlegget, konsekvensar i høve til støy og trafikk, og lukt ved utviding av kapasiteten på anlegget. Planlagt bruk av bioresten frå produksjonen er også vist i søknaden.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/5755. Frist for å gje fråsegn er 1. juni 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høringsfrist:
1. juni 2022 23:59