Statens vegvesen søkjer om løyve til utslepp frå Kolltveittunnelen
- Høringsfrist:
- 1. november 2022 23:00
Denne høyringa omfattar søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunnelar og dagsone i samband med ny fylkesveg 555 i Sotrasambandet. Utsleppet kjem frå driving av Kolltveittunnelen og utslepp frå dagsonene A1 Kolltveit og A3 Bildøyna i Øygarden kommune.
Om Sotrasambandet
Sotrasambandet er delt opp i 11 delstrekk (A1 til A11) og omfattar ca. 9,4 km firefeltsveg frå Storavatnet i Bergen kommune til Kolltveit i Øygarden kommune. Ca. 4,6 km av prosjektet går i tunnel, fordelt på fire tunnelar; A2 Kolltveittunnelen, A4 Straumetunnelen, A6 Knarrvikatunnelen og A10 Drotningsviktunnelen. Prosjektet inkluderer ei ny firefelts bru på ca. 900 m (A8), med separat gang og sykkelveg. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet (over Bildøystraumen, Straumsundet og Arefjordpollen). Anleggsarbeida startar hausten 2022 og prosjektet skal opne for trafikk i 2027, med byggjetid fem år.
Om løyve etter forureiningslova til mellombels anleggsverksemd
Løyve etter forureiningslova til utslepp frå mellombels anleggsverksemd vil mellom anna regulere
- korleis anleggsarbeidet skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Statens vegvesen skal søke om fleire løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Sotrasambandet
Denne høyringa omfatter søknad om utslepp frå etablering av A2 Kolltveittunnelen og to dagsonar A1 Kolltveit og A3 Bildøyna.
Dei øvrige delstrekka av Sotrasambandet vil bli send på høyring når søknadane er motteke.
A2 Kolltveittunnelen
I samband med prosjektet Sotrasambandet og bygging av Kolltveittunnelen er det behov for utslepp av reinsa tunnel- og anleggsvatn. Kolltveittunnelen vil vere ca. 960 meter lang med to parallelle løp, eit tunnelløp per køyreretning.
Start av arbeidet er planlagt i januar 2023. Driving av tunnelen vil vere frå april 2023 til september/oktober 2024. Kolltveittunnelen vil vere ferdig ca. september 2025.
Tunnelvatn/anleggsvatn omfattar vatn frå boring og sprenging av tunnel, og vatn som lekker inn i tunnelen frå kringliggande berg. Drivevatn frå tunnelen skal gå via sandfang og reinseanlegg til eksisterande dammar rett aust for dagens fylkesveg Fv. 561, Skjergardvegen. Dammane har utløp til Kolltveitbekken som renner ut i sjøen ved Kolltveitosen, nord for Bildøystraumen. Alternativt kan vatn etter reinsing gå direkte til sjø, dvs. Kolltveitosen, via tett leidning, eller til utslepp bak siltgardin i tiltaksområdet i Storavatnet.
Alt tunnelvatn skal reinsast før utslepp og skal gå via dimensjonert reinseanlegg med sedimentasjonsbasseng og olje-/slamavskiljar. Det skal etablerast utstyr for å justere pH der dette er nødvendig. Gjenbruk av tunnelvatn er planlagt dersom hensiktsmessig.
Viss reinsa tunneldrivevatn skal gå til Storavatnet, skal det skje i planlagt tiltaksområde for utfylling, og bak siltgard. Viss det skal gå direkte til sjø, skal det førast til dykka utløp. Viss utslepp skal gå til eksisterande dammar vil desse fungere som opne sandfang/sedimentasjonsbasseng. Desse har utløp til bekk som renner aust og har utløp i Kolltveitosen.
Kolltveitosen er registrert som eit lokalt viktig gyteområde for fisk generelt, spesielt torsk. Det er registrert fiskeplassar for aktive reiskapar nær utløp ved Kolltveitbekken. Fastståande fiskereiskapar, dvs. garn, er registrert nær utløpet ved Kolltveitbekken. Her er det òg registrert større førekomstar med kamskjel.
A1 Kolltveit og A3 Bildøyna i anleggsfase
Anleggsarbeida vil kunne medføre utslepp av forureina anleggsvatn. I denne samanheng
er anleggsvatn definert som vatn lensa frå byggegroper og riggområder. Vatnet vil komme frå
nedbør og eventuelt tilsig av grunnvatn.
Anleggsarbeidet vil føre til dels omfattande terrenginngrep i form av sprenging, graving og flytting av massar. Det er sannsynleg at det vil oppstå behov for handtering av vatn frå byggegrop, riggområder etc. I avgrensande mengder kan slikt anleggsvatn gå til infiltrasjon i grunnen, men det kan vere nødvendig å lede vatnet vekk til utslepp. Anleggsvann vil ikkje ha direkte til utslepp i resipientar.
Det vil ikkje bli aktuelt med vask av maskiner og utstyr, inkluderte vask og spyl av betongbilar, i nærleiken av vassdrag. Vask skal skje på avgrensande områder med tett dekke og sluk tilkopla oljeutskiljar. Anleggsvatn frå riggområder skal reinsast før utslepp.
Forureininga vil i hovudsak vere utslepp av partiklar, men det kan også førekomme andre former for forureining, slik som tungmetall, nitrogentilførsel, olje, pH endringar og organiske miljøgifter.
Nedanfor er det lista opp de viktigaste aktivitetane som kan medfører forureining:
A1 Kolltveit
• Etablering av vegfylling
• Støyping av betongkulverter og fundamenter til bruer, betongtrau, støttemurar,
sedimenteringsbasseng og oppføring av teknisk bygg.
• Massehandtering.
• Knusing og vidareforedling av stein
A3 Bildøyna
• Etablering av vegfylling
• Støyping av betongkulverter og fundamenter til bruer, betongtrau, støttemurar,
sedimenteringsbasseng og oppføring av teknisk bygg.
• Massehandtering.
I tillegg kommer generelt anleggsarbeid med omlegging og framføring av VA, overvatn og elektro, samt etablering av reinseanlegg.
Resipient for anleggsvatnet på Kolltveit vil vere Kolltveitbekken og Storavatnet. For anleggsarbeida som skal føregå aust på Kolltveit, vil anleggsvatnet førast til sjøen, nærmare bestemt til Bildøystraumen.
Søkjar meiner at siltgardin i sjøen vil bli utsett for store påkjenningar frå vært og vind, men også av strømmingar i vatnet. Bruk av siltgardin utanfor bekkeoset må derfor vurderast nærmare. Ved eksisterande dammar som er avskoren frå Storavatnet, dvs. øst for dagens fv. 651, må det vurderast bruk av dobbelt siltgardin for å forebygge utslepp av partiklar til Kolltveitbekken.
Resipient for anleggsvatnet på Bildøyna vil vere Bildøystraumen og Straumssundet. På deler av strekningen der det ikkje er hensiktsmessig å føre anleggsvatn til marin resipient vil det bli vurdert ein løysning med infiltrasjon i stadeigne masser.
Ved behov for utslepp av anleggsvatn til resipient, skal dette reinsast for partiklar og evt. oljerestar før utslepp. Bruk av siltgardin i marin resipient vil bli vurdert nærmare.
Offentleg ettersyn
aksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er sett til 1. november 2022.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 1. november 2022 23:00