Høyring av frivillig skogvern for Vestreim i Sogndal kommune

Høringsfrist:
19. februar 2023 23:59
Vi sender på høyring framlegg om vern av Vestreim i Sogndal kommune. Området ligg mellom 500 og 900 meter over havet i ei sørvendt li, og inneheld fleire ulike typar skog. Dei sørlegaste og lågaste områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet, som er særleg interessant for vern.
Vi sender på høyring framlegg om vern av Vestreim i Sogndal kommune. Området ligg mellom 500 og 900 meter over havet i ei sørvendt li, og inneheld fleire ulike typar skog. Dei sørlegaste og lågaste områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet, som er særleg interessant for vern. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Vestreim i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 19. februar 2023.

Publisert 16.12.2022

Tilbodsområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 94/1 i Sogndal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Vår kontakt med grunneigaren har gått gjennom skogeigarsamvirket AT skog.

Til saman dekker området om lag 3148 dekar. Av dette utgjer 2367 dekar skog, derav 2196 dekar produktiv skog. I gjeldande kommuneplan er området regulert til landbruk-, natur- og friluftsføremål (LNFR).

Bakgrunn

Å verne eit representativt utval av naturtypane i skog for kommande generasjonar er eit nasjonalt miljømål. Stortinget har gjennom stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016) vedtatt at 10 prosent av skogarealet i landet skal vere verna. Dette målet har vi ikkje nådd enda, korkje i Noreg eller i Vestland fylke. I Noreg er no om lag 5 prosent av skogarealet verna. I Vestland har vi om lag 3 prosent skogvern. I stortingsmeldinga vert skogvern framheva som eit tiltak som kan gi ein sterk positiv effekt på mange truga artar i Noreg.

Ein stor del av artsmangfaldet i Noreg finn vi i skogen. Samstundes veit vi at den største trugselen for artsmangfald er tap av areal. Å verne skog mot fysiske inngrep som hogst og utbygging er difor eit av dei viktigaste verkemiddela vi har for å ta vare på naturmangfaldet vårt. Ordninga med frivillig skogvern skal sikre at og privateigd skog kan bli verna. Gjennom denne ordninga kan grunneigarar som ønskjer det tilby staten varig vern av eigen skog, mot økonomisk kompensasjon.

Verneverdiar

Tilbodsområdet vart i 2020 kartlagt av firmaet Rådgivende Biologer. Verneområdet ligg i ei sørvendt li, og høgdenivået varierer frå 500 til 900 meter over havet. Dei ulike delane av verneområdet er kjenneteikna av ulike skogtypar. Lengst nord i dei høgstliggande områda finn ein gamal boreal lauvskog med enkelte furutre. Lenger sør er det gamal og skrinn heifuruskog, medan dei sørlegaste og lågaste områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet. Skogområde med høg bonitet er mangelfullt dekka av skogvernet, og er difor særleg interessante for vern.

Dei viktigaste naturverdiane i området er knytt til den gamle furuskogen. Denne naturtypen er registrert i nedre delar av tilbodsområdet, ved Vestreimstølen. Området har gjennomgåande god tilstand og er prega av lite hogst. Tresjiktet er dominert av furu, men det er og ein del innslag av bjørk, og noko rogn og gråor. Det er i tillegg enkelte ospebestandar.

Skogen har både eldre og yngre tre. Det er og registrert noko daud ved, både ståande og liggande. Det er så langt berre påvist eit par raudlista artar i området, men Rådgivande Biologer vurderer at det er potensiale for nye funn, særleg knytt til daud ved.  

Det føreslegne verneområdet ligg på det minste berre 400 meter vest for Breisete naturreservat, og fire kilometer vest for Luster Almenning naturreservat. Tilbodsområdet vil difor bli ein del av, og styrke, eit eksisterande økologisk nettverk av liknande naturtypar. Når verna område heng saman på denne måten minskar ein sjansen for at artane ein finn der blir borte frå området. Dette gir ein betydeleg ekstraverdi til naturreservatet, i eit område som elles er prega av skogsvegar og aktivitet. 

Rådgivande Biologer vurderer at det er potensiale for nye funn av raudlista artar i området, særleg knytt til daud ved i dei sørlege delane av skogen.
Rådgivande Biologer vurderer at det er potensiale for nye funn av raudlista artar i området, særleg knytt til daud ved i dei sørlege delane av skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Heimelsgrunnlag

Vern av naturområde skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for ulike vernekategoriar. Vi vurderer at det er mest aktuelt å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37, som er den strengaste verneforma.

Konsekvensar av vernet

Ei verneform som sikrar tilbodsområdet mot fysiske inngrep vil føre til restriksjonar for bruken av området. I utgangspunktet vil det ikkje vere lov med aktivitetar og nye anlegg som kan påverke verneverdiane i området. Dette omfattar mellom anna hogst, vegbygging og nye kraftliner, ettersom ein viktig del av verneformålet i dette tilfellet vil vere å ta vare på skogsnatur i så upåverka tilstand som mogleg. Jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk, beiting, og vedlikehald av eksisterande installasjonar vil ikkje bli påverka av vernet.

I høyringsdokumentet i høgrefana kan du lese meir om brukarinteressene i området.

Innspel til oppstartsmeldinga

Vi meldte oppstart av vernearbeidet 22. september 2021. Innan fristen 4. november 2021 kom det inn 10 uttalar. To av desse, Sygnir AS og Sogn Terrengsykkel hadde konkrete merknadar til verneframlegget. I høyringsbrevet i høgrefana kan du lese eit samandrag av alle innspela. I høgrefana ligg også framlegg til vernereglar (verneforskrift) og framlegg til kartavgrensing.

Skogparti av verneframlegget for Vestreim. Vi ønskjer innspel til høyringa, og fristen for å sende inn er 19.02.2023.
Skogparti av verneframlegget for Vestreim. Vi ønskjer innspel til høyringa, og fristen for å sende inn er 19.02.2023. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding om vern til Miljødirektoratet.

Frist for å kome med innspel er 19. februar 2023

Om du har innspel kan du sende dei till oss per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller med brev til Statsforvaltaren i Vestland ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.