Andre gongs høyring av forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom fisk i Vestland

Høringsfrist:
20. desember 2023 23:59

Etter første runde med høyring foreslår vi å endre to paragrafar i utkast til ny forskrift. Frist for å komme med tilbakemelding er 20. desember 2023.

Publisert 28.11.2023

Forslag til ny forskrift vil etter vårt syn styrke vernet av sårbare stammer av laks og sjøaure i fylket, samstundes som ålmenta sin tilgang til fiske i sjø vert varetatt. Vi har i vurderinga vektlagt miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova, og særleg omsynet til føre-var prinsippet (§ 9) og samla belastning (§ 10).

Endring av paragraf 5 a, c og d, og paragraf 6

Vi mottok 28 fråsegner til utkastet for ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom fisk i Vestland.

Ein konsekvens av høyringa, er at vi foreslår å endre to av paragrafane i den nye forskrifta: § 5 a, c og d om fiskereglar i munningsfredingssonene og § 6 om fiske utanfor kraftverksutløp. Og vi ber om tilbakemelding på desse endringane, sjå tabell under.

  • 5. Fiskereglar i munningsfredingssonene

I munningsfredingssonene er alt fiske etter anadrom laksefisk og saltvassfisk forbode, med unntak av:

 

 

Forslag til ny § 5a, c, d og § 6

§ 5a

Fiske etter anadrom laksefisk med stong og handsnøre frå land, is og båt i perioden det er opna for fiske etter den aktuelle arten i vassdraget. I munningsfredingssoner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida det strengast regulerte vassdraget

§ 5 c

Fiske med stong og handsnøre frå båt i rørsle (dorging) i perioden vassdraget er ope for fiske. Fiske etter laks og sjøaure følgjer fisketida til den aktuelle arten i vassdraget. I munningsfredingssoner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida det strengast regulerte vassdraget.

 

§ 5 d

Fiske etter saltvassfisk med not, snurrevad og trål, når reiskapen vert brukt i yrkesfiske av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet og frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fiskefartøy, men ikkje nærare grensa mellom elv og sjø (elvemunning) enn 500 meter.

 

Unntaket for fiske med not, snurrevad og trål gjeld likevel ikkje i munningsfredingssonene utanfor Daleelva i Vaksdal kommune og Vossovassdraget i Voss herad.

 

§ 6

Det er tillate å fiske etter laksefisk og saltvassfisk ved kraftverksutløp heile året, med følgjande unntak:

 

-          Kraftverksutløp som munnar ut i ein munningsfredingssone; her gjeld fisketida for munningsfredingssona.

-          I områda utanfor følgjande kraftverk er alt fiske forbode:

 

a)      Ei sone på 100 meter i sjøen utanfor Kraftverk 5 i Høyangsfjorden i Høyanger kommune.

b)     Utanfor kraftverka Svelgen I og II i Svelgen, frå søre elvebreidd der Svelgselva møter fjorden (6854217 304550) og om lag 140 meter nord aust til eit knekkpunkt på kaia nord for stasjonskaia (6854343 304606) i Bremanger kommune.

 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til andre gongs høyring av forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom fisk i Vestland kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/12072. Frist for å gje fråsegn er 20. desember 2023.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

 

Høringsfrist:
20. desember 2023 23:59

Anandrom laksefisk

Anadrom laksefisk omfattar laks, sjøaure og sjørøye. At dei er anadrome betyr at dei veks opp i ferskvatn, og vandrar ut i fjorden (aure og røye) eller havet for å beite (laks). 

Rogna kan berre klekke i ferskvatn, og fisken gyt som regel i vassdraget dei er fødd i.