Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå bygging av Straumetunnelen

Høringsfrist:
26. april 2024 23:59
Oversiktskart som viser strekning A4 Straumetunnelen. Raud stipla linje markerer tunnel og grøn stipla linje markerer dagsoner.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn frå driving av Straumetunnelen i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.

Publisert 19.03.2024

I samband med prosjektet Sotrasambandet og bygging av Straumetunnelen er det behov for utslepp av reinsa tunnel- og anleggsvatn. Straumetunnelen vil bestå av to parallelle enkeltrøyrs tunnelar. Den vestgåande tunnelen har ein total lengde på 838,50 meter, den austgåande tunnelen har en total lengde på 858 meter.

Tunnelvatn/anleggsvatn omfattar vatn frå boring og sprenging av tunnel, og vatn som lekker inn i tunnelen frå kringliggande berg.  Alt tunnelvatn skal reinsast før utslepp til resipient. Det er vurdert to moglege utsleppspunkt – utslepp direkte til elva Lille-Sotra som renner ut i sjø ved Stekervika i Arefjorden, alternativt skal vatnet sleppast direkte til sjø i Stekervika etter reinsing.

Start av arbeidet er planlagt i mai 2024. Driftsperioden er estimert til ca. 40 veker.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/16835. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.