Søknad om endra løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden frå bygging av Fellesprosjekt Arna - Stanghelle
- Høringsfrist:
- 10. mai 2024 23:00
Statens vegvesen søkjer om endring av nedføringsløysing for overskotsmassane og endra lokalitet for sjødeponi vest i Bergen kommune. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Om søknad om endring av løyve for sjødeponi
Statens vegvesen fekk løyve etter forureiningslova til deponering av overskotsmassar frå bygging av Fellesprosjektet Arna - Stanghelle av Statsforvaltaren i vedtak 19. juni 2023.
I søknad datert 22. mars 2024 søkjer Statens vegvesen om endring av løyvet knytt til to forhold:
- Løysing for lukka nedføring av massane endrast frå kaianlegg og nedføringsrøyr i stål, til nedføring i skråstilte fjellsjakter (45 grader). Dette gjeld alle tre tunnelstrekningane "Vest", "Midt" og "Øst". Omsøkte mengder og vilkår er uendra frå opprinneleg søknad.
Prosjektet har utvikla ei ny lukka nedføringsløysing der større delar av anleggsverksemda vert flytta inn i fjell. Dette sparer prosjektet og samfunnet for betydelege kostnader, reduserer prosjektrisiko, og reduserer ulemper for omgjevnadene i anleggsfasen. I tillegg unngår ein inngrep i strandsona ved Langhelleneset og Romslo.
FAS meiner den nye nedføringsløysinga ikkje endrar grunnlaget for løyvet og vilkåra som Statsforvaltaren vedtok 19. juni 2023. Prinsippet er framleis det same, der det vesentlege er at steinmassane vert ført lukka ned til eit sikkert djup utan at finstoff (<63 µm) og nitrogen vert frigjort og spreidd i øvre lag av fjorden
2. Plassering av sjødeponi på tunnelstrekning "Vest" må flyttast rundt 1,3 km austover frå Romslo til Naustvika (Bergen kommune) fordi opprinneleg lokalitet ikkje er eigna for løysing med fjellsjakt. Ny lokalitet ved Naustvika er konsekvensutgreia i samband med søknad om endring av reguleringsplan
Om søknad om endring av reguleringsplan
Arealbruk i Naustvika som sjødeponi, krev endra reguleringsplan og endringa er forventa godkjend årsskiftet 2024/2025. Kommunane Bergen og Vaksdal har stadfesta at Statsforvaltaren kan slutthandsame søknader etter forureiningslova med atterhald om godkjent reguleringsplan. Skulle vedtatt reguleringsplanen ha føresegner som er i motstrid med vilkår i løyver etter forureiningslova må løyva endrast i samsvar med reguleringsplan.
Om anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS)
Anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS) er delt inn i to hovudfasar:
- Førebuande arbeid (oppstart 2024 – første halvår 2026)
- Hovudprosjekt (forventa avslutta 2034)
Tiltaksområdet er oppdelt geografisk i fire område som vist i figur 3. Statens vegvesen søkjer om løyver for anleggsarbeidet i førebuing- og hovudprosjektfase etter denne inndelinga. Inndelinga i søknadsområde er basert på typen resipient, typen anleggsarbeid og den geografiske entreprisedelinga i hovudprosjektet. For kvart søknadsområde vil det bli sendt inn fleire delsøknader om utviding/endring av gjeldande løyve i løpet av anleggsperioden. Delsøknadene vert sendt inn kontinuerleg, avhengig av framdrifta i prosjektet.
Statsforvaltaren mottok 22. mars 2024 fire nye søknader om løyve som vert sende på høyring som eigne saker. Nedanfor er ei oversikt:
- FAS Vest – arbeid knytt til etablering av riggområde på Espeland nord med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar. SFVL saksnummer 2024/4959
- FAS Midt – arbeid knytt til etablering av permanent massedeponi på Trengereid for ikkje forureina massar som i ein periode vil fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar og reinsing av tunnelvatn frå driving av 2,9 km tunnel. SFVL saksnummer 2024/4958
- FAS Øst – arbeid knytt til permanent massedeponi for sprengstein på Dalehagen som i ein periode vil fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar. SFVL saksnummer 2024/4960
- FAS Sørfjorden – arbeid knytt til etablering av dei tre sjaktene for nedføring av overskotsmassar til sjødeponi (Fossneset/Gamle Fossen, Langhelleneset og Naustvika) herunder undervasssprenging og reinsing av tunnelvatn. SFVL saksnummer 2024/4961
Offentleg ettersyn
Søknad om endra løyve etter forureiningslova med oppdatert risikovurdering og alle referansedokumenta finn du til høgre på denne nettsida. I tillegg finn du og løyvet frå 2023 og høyringsbrevet sendt offentlege innstansa mm.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/20103. Frist for å gje fråsegn er 10. mai 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 10. mai 2024 23:00
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokumenter
- FAS - oversendelsesbrev - oversikt.pdf
- FAS -Høyringsbrev sjødeponi.pdf
- FAS - Sjødeponi - søknad om endring av løyve.pdf
- Løyve med vilkår vedteken 19 juni 2022.pdf
- Kartlegging av marine naturtyper Naustvika.pdf
- Konsekvensutredning naturmangfold.pdf
- Konsekvensutredning naturressurser.pdf
- Planbeskrivelse Bergen kommune.pdf
- Søknad utvidet anleggstillatelse Sørfjorden.pdf
- Clay settling in fresh and salt water.pdf