Søknad om utfylling i sjø, Kystbyen AS i Kinn kommune
- Høringsfrist:
- 14. mai 2024 23:00
Kystbyen AS søkjer om løyve til utfylling av ca. 100 000 m3 massar i område B8 – B9, Stranda i Kinn kommune.
Føremålet er opparbeiding av nytt landareal for nytt bustadområdet og bygging av framtidig molo som skal verne området for vær og vind.
Massane som skal nyttast kjem frå Kystverkets prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø hamn. Massane vil bli levert på lekter, og lagt ut i sjøen med gravemaskin
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/5810. Frist for å gje fråsegn er 14. mai 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 14. mai 2024 23:00
Dokumenter
- Høyringsbrev - Dumping og utfylling i sjø - Kystbyen AS - Kinn.pdf
- soknadsskjema.pdf
- Tverrprofil fylling.pdf
- Plankart Fylling.pdf
- Rapport Risikoanalyse.pdf
- Fjord-Lab sedimentprøvetaking.pdf
- Kartleggingsrapport VESETH AS.pdf
- Følgjebrev Dispensasjonssøknad.pdf
- Kommunalt Vedtak pbl- Strandavegen 29 -.pdf