Søknad om utfylling i sjø gnr/bnr 53/24 Grunnavågen Stord for Waage Anlegg AS

Høringsfrist:
30. september 2024 23:00

Waage Anlegg AS skal fylle ut i sjø, for å utvida landområdet, og søkjer om løyve etter forureiningslova for delar av anleggsarbeida.

Publisert 30.08.2024

Utfyllinga er ei mindre utviding av allereie godkjend utfylling på staden. Anleggsarbeida omfattar utfylling i sjø med eit volum på 2 500 m3 , over eit sjøbotnsareal på 265 m2

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/12704. Frist for å gje fråsegn er 30. september 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn