Vi startar vern av nasjonalt viktig natur i sørvestre Øygarden

Høringsfrist:
20. oktober 2024 23:00
Eit landskap sett frå lufta med sjø og berg ut mot havet.
Goltesundet inngår i eit særmerkt og spennande landskap. Her finn du kystlynghei, naturbeitemark, myrar og tjern. Området er også eit svært viktig friluftsområde med mange besøkande. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Området er over 8000 dekar og eitt av dei mest inngrepsfrie kystlandskapa i Hordaland. Vernet vil sikra kystlynghei i mosaikk med myrar, tjern og naturbeitemark. Frist for uttale er 20. oktober 2024.

Publisert 13.09.2024

Nasjonalt oppdrag

Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i Vestland.

Eitt av desse mindre områda er sørvestre delar av Øygarden og er på drygt 8 200 dekar. Med dette kandidatområdet vil det totale verna arealet i Øygarden gå frå 0,8 prosent av landarealet til 3,4 prosent.

Føremålet med vern av området vil vere å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur ved etablering av naturreservat, jf. naturmangfaldlova § 37 a.

Trua og sårbar natur

Områda mellom Telavåg og Golta er blant dei største, mest inngrepsfrie kystlandskapa i Hordaland. Her finn vi store kystlyngheiområder i mosaikk med myrar, tjern og noko naturbeitemark. Kystlyngheia består både av purpurlyng og andre undertypar. Naturtypen er raudlista som sterkt trua og naturbeitemark er nasjonalt raudlista som trua. Det finst også nokre mindre lommer med rik skog med junkerbregne og bergskrentar med blankburkne.

Av fugl utgjer det føreslegne naturreservatet viktig funksjonsområde for blant andre storspove, hubro og svartstrupe, alle nasjonalt raudlista som sterkt trua artar.

Området er også klassifisert som eit svært viktig friluftsområde og har godt etablerte turstiar. Det har vore ei merkbar auke i besøkande under og etter pandemien, og området er utvilsamt ein viktig ressurs for befolkninga. Store delar av området utgjer inngrepsfrie område (INON) og er klassifisert som INON-sone 2 som ligg mellom 1-3 km frå tyngre tekniske inngrep.

Etter areala på Selbjørn i Austevoll, er dette det nest største kystlyngheiområdet i Hordaland. Kystlyngheine er menneskeskapt gjennom brenning og beiting over fleire tusen år, og er såleis både ein del av vår felles naturarv og kystkultur.

Lite verna frå før

Naturtypane kystlynghei og naturbeitemark har svært dårleg vernedekning frå før i Vestland og Norge. Såleis vil dette vernet treffa godt ved å ta vare på trua natur i lågland langs kysten som er hovudføremålet med dette oppdraget.

Svartstrupehann. Arten er nasjonalt raudlista som sterkt trua (EN) og attgroing av kystlynghei og nedbygging av natur er viktige trugsmål. Sporvefuglen er også sårbar for kalde vintrar. Vintermilde Øygarden utgjer ein viktig del av leveområdet i Norge. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag dei siste månadane. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013-2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål og i møte med naturkrisa.

Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Planstatus

Det meste av arealet innafor kandidatområdet har i gjeldande kommuneplan (KPA) arealføremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR). Sjølve Kvednavatnet har arealføremålet «drikkevatn» og areal i sjø i Goltasundet er avmerkt som «fiske». Begge desse er underføremål av føremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag». Goltasundet har i tillegg omsynssone landskap og bevaring kulturmiljø.

Inst i Selstøvågen er det avsett eit mindre areal med føremål næring i kommuneplanen sin arealdel. Området ligg utafor føreslått verneområdeavgrensing. Det vart nyleg meldt oppstart av detaljreguleringsplan for Selstøvågen med føremål å regulera areal til næring. Det meldte planområdet er betydeleg utvida inst i Selstøvågen og i tillegg med bilveg til fylkesveg 5226. Delar av detaljplanområdet kjem innafor dette kandidatområdet Statsforvaltaren har fått i oppdrag om å utgreie for supplerande vern, og som vi no har meldt start av verneprosess på. Planforslaget vil i betydeleg grad endra inntrykket av Selstøvågen som er den viktigaste innfallsporten til naturområdet. Endeleg avgrensing av eventuelt næringsareal må avklarast gjennom planprosessen som no pågår.

Vern av skog

Skog er ein arealtype som er i særstilling og der alt vern skjer som ordninga frivillig skogvern. Det gjer at vern av skog i samband med dette oppdraget også skal vere frivillig. Eigar kan takke nei til vern av skogarealet seinare i prosessen om ein ønskjer det, då vil skogarealet ikkje bli tatt med i vidare arbeid. Til no har tre grunneigarar gitt aksept til å inkludere skogareal i utgreiing for vern kring Kvernavatnet. Det er vidare ein grunneigar som ikkje ønskjer å inkludera eit mindre skogareal inst i Goltasundet. Det arealet har vi derfor grensa ut av verneframlegget.

Dialog om kandidatområda

Statsforvaltaren i Vestland arrangerte eit felles digitalt informasjonsmøte med alle kommunane som husar kandidatområde for vern den 28. april 2023. Vi sendte brev til alle grunneigarane 10.oktober 2023 med informasjon om oppdraget og arrangerte informasjonsmøte 14. november på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg.

Etter informasjonsmøtet har vi svart på ulike innspel og spørsmål om kandidatområdet. Dette har vore nyttige innspel som har gjort oss meir oppmerksame på ulike brukarinteresser i området. Vi vurderer desse innspela til å ikkje vere avgjerande for utforming av kandidatområdet for vern, og ser at det derfor er naturleg å melde formelt oppstart av vernearbeid.

Utsikt sørvestover frå Lynghaugen. Ved vern av området vil det bli lettare å prioritera tiltak mot framande treslag som sitkagran som spreier seg inn i området. Turstiar og bygningar kan brukast og haldast ved like som før vernet. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Konsekvensar ved vern

Føremålet med vernet vil vere å ta vare på dei viktige naturkvalitetane. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar på land eller i sjø som kan skade verneverdiane innafor området.

Eit vern vil gje forvaltinga betre moglegheiter til å støtta opp om tradisjonell landbruksdrift som lyngbrenning og beiting i området, noko som også mykje av artsmangfaldet her er avhengige av. Særleg beitemarksoppane er artar som over svært lang tid er tilpassa moderat beitetrykk og næringstilgang, og vil såleis ikkje overleve ved tilførsle av kunstgjødsel eller gylle. Derfor bør det vere eit forbod mot slik bruk i området, noko som heller ikkje blir brukt i området i dag.

Sotra Øygarden Turlag driftar eit stinett innafor det føreslegne naturreservatet. Eksisterande stiar og merking av desse vil kunne forsetje som før vernet. Dersom det er ønskje om å etablera nye stiar innafor området ønskjer vi at det vert avklart gjennom nærare dialog med forvaltingsstyresmakta. Etablerte bygningar og anlegg vil kunne vedlikehaldast og brukast som før.

Andre aktivitetar vil vi kunne gje løyve til etter nærare dialog med søkjar, så lenge det ikkje vil kunne gå ut over verneverdiane i området. Det kan til dømes vere tiltak knytt til kulturminne eller andre føremål som ikkje er kjent i dag.

Erstatning

Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.

Vidare prosess

Etter fristen vil vi gå gjennom alle innkomne innspel etter oppstartsmeldinga. Då vil vi også vurdere om det er trong for korrigering eller presisering i verneframlegget med bakgrunn i innspela. Neste etappe i verneprosessen vil vere høyring. Då vil vi presentere eit oppdatert verneforslag som også inkluderer utkast til vernereglar og oppdatert vernekart.

Namn på området?

Områdeavgrensinga omfattar fleire stadnamn og vi ser for oss at «Sørvestre Øygarden naturreservat» vil vere kort og dekkande for området. Vi ønskjer gjerne også merknader til reservatnamnet.

Tiltak i forslag til verneområde

Vi minner avslutningsvis om at ved denne formelle starten av vernearbeid, at det ikkje kan gjevast løyve til tiltak eller tilskot som kan få følgjer for verneforslaget jf naturmangfaldlova § 44.

Frist for uttale er 20. oktober 2024

Frist for å koma med uttale til denne oppstartsmeldinga er 20. oktober 2024. Det vil også vere høve for å kome med uttale etter høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no

Delar av adresselista til dette brevet er henta ut frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller manglar ved adresselista set vi stor pris på å få attendemelding om det.