Høyring av forslag til forskrift som etablerer eit nytt område for obligatorisk opplæring i bruk av snøskutar ved Robjørgane i Stryn kommune
- Høringsfrist:
- 30. november 2024 23:59
Forslaget er sendt ut på høyring, og frist for å kome med fråsegn er 30. november 2024.
Statsforvaltaren har fått innspel frå fleire kommunar om at det er trong for å etablere fleire område for obligatorisk opplæring for snøskuter i Vestland fylke. No har Stryn kommune utarbeida eit forslag til nytt område ved Robjørgane.
Fastsetjing av opplæringsområde for snøskuter etter forslag frå kommunane
Områder for obligatorisk opplæring for snøskuter skal fastsetjast av statsforvaltaren etter forslag frå kommunane. Sakshandsaminga skal følgje reglane for forskrifter i forvaltningslova. Det er eit mål at det ikkje skal vere fleire øvingsområde enn nødvendig, difor må heile fylket sjåast under eitt både når det gjeld talet områder og lokalisering. Det er i dag eit opplæringsområde i Vestland som ligg i Voss herad.
Føremålet med å oppretta eit nytt område for obligatorisk opplæring i snøskutar og konsekvensane av forslaget til forskrift er nærare omtala i høyringsnotatet som er utarbeida av Stryn kommune.
Vi ønskjer innspel
Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn. Vi ønskjer særleg innspel knytt til:
- Omsynet til miljø, naturmangfald og friluftsliv.
- Om området er eigna for opplæring i snøskuter, og om det er trong for eit slikt område i denne delen av Vestland fylke.
- Om området er trygt å bruke til formålet, mellom anna med tanke på skredfare og vêrtilhøve.
Høyringsfrist er 30. november
Du kan sende merknader til forslaget som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller med brev til Statsforvaltaren i Vestland ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Høyringsdokumenta finn du på høgresida.
Høyringsfrist er 30. november 2024.
Kjenner du til fleire høyringspartar?
I adresselista i dokumentet til høgre har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høringsfrist:
- 30. november 2024 23:59
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Høyring - Nytt område for obligatorisk opplæring i bruk av beltemotorsykkel (snøskuter) i Stryn kommune
- Høyringsnotat - Forslag til nytt område for obligatorisk opplæring i snøskuter i Stryn kommune
- Forslag til forskrift om område for obligatorisk opplæring i bruk av beltemotorsykkel (snøskuter) ved Robjørgane i Stryn kommune
- Forslag til kart over område for obligatorisk opplæring i beltemotorsykkel (snøskuter) i Stryn kommune