Søknad om anleggsarbeid i sjø for å utvide næringsareal ved Moldestad i Stad kommune
- Høringsfrist:
- 16. desember 2024 23:00
Stad kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide næringsarelaet for marine næringar.
Stad kommune planlegg utfylling i sjø, og søkjer om løyve etter forureiningslova for delar av anleggsarbeida. Anleggsarbeidet omfattar mudring og utfylling i sjøen ved Pelagia sitt anlegg ved Moldestad i Moldefjorden. Mudringa vil være på eit areal på 10 200 m2 og eit volum på 31 000 fm3. Stad kommune søkjer om å nytta Stad skipstunnel sitt deponiområdet i Moldefjorden til å plassere muddermassane 31 000 fm3/38 750 am3 i.
Utfylling i sjø skal gjerast for å utvide næringsarealet for marine næringar, med ei utfylling på om lag 38 500 m2 med eit volum på 420 000 m3. I den vedlagde søknaden har Stad kommune gjort ei risikovurdering av arbeidet og føreslått ulike avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining frå anleggsarbeida. Planlagt oppstart er usikkert då det avheng av Stad skipstunnel prosjekt. Varigheita av arbeida er estimert til 4 år.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/16970. Frist for å gje fråsegn er 16. desember 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 16. desember 2024 23:00