Vi startar vern av nasjonalt viktig natur på Buholmen ved Ervika i Stad
- Høringsfrist:
- 28. februar 2025 23:59
Buholmen er ein viktig hekke- og kvileplass for fleire trua artar av sjøfugl. Sjøfugl er under stor press frå fleire hald. Vern av viktige sjøfuglområde vil kunne bidreg til styrka bestandar på sikt. Frist for innspel er 28. februar 2025.
Nasjonalt oppdrag
Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som for Vestland sin del omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 andre verneområde.
Eitt av desse områda er Buholmen, som er på drygt 212 dekar. Føremålet med vern av holmen vil vere å ta vare på området sin funksjon som hekke- og kvileplass for sjøfugl, og det vil då vere naturleg med vern som naturreservat, jf. naturmangfaldlova § 37.
Trua og sårbar natur
Buholmen er ein relativt ny hekkeplass for krykkje, truleg etablert av utflyttarar frå fuglefjellet på Runde, der den tidlegare store krykkjebestanden no er borte. Buholmen var i nokre år den største krykkjekolonien på Vestlandet, men har vore ustabil dei siste åra. Området vil truleg ver mellom dei første som vil bli tatt i bruk igjen dersom bestandane betrar seg. Krykkja hekkar no berre tre stader i Noreg sør for Stad, og er kategorisert som «sterkt trua» på raudlista. Også den kritisk trua lomvien hekka på Buholmen da krykkjekolonien der var på sitt største.
Sjøfugl er under press frå fleire hald. Ved hekke- og kvileplassar utgjer forstyrring ein viktig trugsel. Vern av desse plassane er eit viktig tiltak for å gi artane auka moglegheit for overleving.
Naturkrise også i Vestland
Globalt, så vel som lokalt i Vestland, står vi overfor ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag det siste året. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013- 2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål og i møte med naturkrisa.
Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.
Planstatus og installasjonar i området
Landarealet innanfor kandidatområdet har i gjeldande kommuneplan arealføremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR). Det føreligg ikkje andre planar for området utover arealføremålet i arealplanen.
Kystverket leiger i dag delar av grunnen på Buholmen til ei fyrlykt. Vern av området vil ikkje hindre den vidare drifta av lykta. Det vil likevel kunne bli aktuelt med restriksjonar på ferdsle i området, spesielt innanfor hekketida.
Dialog om kandidatområdet
Kommunen vart informert om arbeidet i brev av 28. november 2023, samt møte den 13. desember 2024. Dei har fremma ynskje om å sjå alle føreslegne verneområde på Stadlandet under eitt, for å sikre ei heilskapleg forvalting og plan for områda. Buholmen skil seg likevel så mye frå andre føreslegne verneområde på Stad, både i utforming og verneføremål, at vi finn det naturleg med ein eigen prosess.
Det har vore uvisse knytt til kven som eig Buholmen. I brev av 7. mai 2024, sendt til nokre grunneigarar i felleseiget ved det tilgrensande fastlandsområdet, blei det etterspurt informasjon om eigartilhøva på Buholmen. Vi vurderer ut frå tilbakemeldinga at det er sannsynleg at felleseiget òg gjeld på Buholmen.
Grunneigarar og Stad kommune har vorte informert om planane om vern i brev av 24. september 2024, med tilbod om informasjonsmøte lokalt dersom det er ynskje om det.
Konsekvensar ved vern
Føremålet med vernet er å sikre ein viktig hekke- og kvileplass for trua sjøfuglartar. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar på land eller i sjø som kan skade verneverdiane innanfor området. Drift og vedlikehald av fyrlykta til Kystverket vil kunne halde fram.
Erstatning
Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern
medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf. naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.
Vidare prosess
Etter at høyringsfristen er ute, vil vi gå gjennom alle innkomne innspel. Då vil vi òg vurdere om det er trong for korrigering eller presisering i verneframlegget med bakgrunn i innspela. Neste etappe i verneprosessen vil vere høyring. Då vil vi presentere eit verneforslag som også inkluderer utkast til vernereglar og oppdatert vernekart.
Tiltak i forslag til verneområde
Vi minner avslutningsvis om at ved denne formelle starten av vernearbeid, at det ikkje kan gjevast løyve til tiltak eller tilskot etter anna lovverk som kan få følgjer for verneforslaget jf. naturmangfaldlova § 44.
Frist for uttale er 28. februar 2025
Det vil også vere høve til å kome med uttale til høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no
Dersom det er ytterlegare spørsmål kan ein ta direkte kontakt med sakshandsamarane direkte på e-post eller telefon.
- Høringsfrist:
- 28. februar 2025 23:59
Kontaktpersoner
-
Henriette Bye
Tlf: 57 64 30 08 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42