Søknad om løyve til anleggsarbeid i sjø - framføring av vatnforsyning til Stad skipstunnel - i Vanylven og Stad kommuner

Høyringsfrist:
1. juli 2025 23:00

Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til anlegggsarbeid i sjø

Kystverket skal føre vatn fram til Stad skipstunnel. Vatnet skal hentast frå Stad og Vanylven kommunar. Legging av vassleidningar krev åtte landtak (graving eller eventuelt sprenging i strandsona), seks i Stad og to i Vanylven.

Publisert 03.06.2025

Anleggsarbeida i sjø omfattar graving (mudring) av lausmassar og mogleg undervassprengning. Cowi har risikovurdert arbeida og søkt om avbøtande tiltak dei meiner reduserer fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/6077. Frist for å gje fråsegn er 1. juli 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.