Vi startar verneprosess for Årøy naturreservat i Sogndal
- Høyringsfrist:
- 13. februar 2026 23:59
I samråd med grunneigarar melder vi oppstart av verneprosess for Årøy naturreservat i Sogndal kommune. Området inneheld edellauvskog, strandenger og delta med raudlista natur. Velkomen til å sende innspel innan 13. februar 2026.
Kor ligg Årøy?
Kandidatområdet Årøy ligg inst i Barsnesfjorden i Sogndal kommune, tilgrensande Luster kommune. Arealet vi melder oppstart av verneprosess på er lokalisert på gards- og bruksnummer 4/1, 6/1, 7/2, 7/4 og 7/75, og er eigd av private grunneigarar. Det er ikkje signert endeleg avtale om vern mellom staten og grunneigarane som eig skog, så Statsforvaltaren tek atterhald om endringar i arronderinga av verneområdet. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 2200 dekar.
Overlappande verneoppdrag i same område
Statsforvaltaren har over lengre tid jobba i lag med grunneigarane om vern av den verdifulle naturen i området. Arbeidet inkluderer fleire overlappande verneoppdrag som Statsforvaltaren har fått frå Miljødirektoratet. Prosessen med frivillig skogvern av raudlista edellauvskog i Munthemarki har delvis gått parallelt med oppdraget om supplerande vern av strandenger og deltaet på Nagløyri, området der elva frå Hafslovatnet renn ut i Sognefjorden. Prosessen med marint vern av Sognefjorden går også sin gang.
Ein verneprosess for det vi foreslår å kalle Årøy naturreservat vil såleis inkludere både frivillig skogvern av Munthemarki og supplerande vern av Nagløyri. Tilgrensande kandidatområdet for Årøy vil forslaget for marint vern av Sognefjorden gå kant i kant, som også vil liggje ute på offentleg høyring i 2026.
Kartlegging og verneverdiar
Munthemarki vart kartlagt etter prosedyra for frivillig skogvern av Biofokus den 29. juni 2022. Nagløyri vart sist kartlagt for naturverdiar av Miljøfagleg Utredning i 2023, etter Miljødirektoratets NIN-instruks. Kartleggingsrapportar er tilgjengeleg i høgrefana under Dokument.
Deltaet Nagløyri er leveområde for eit stort mangfald av artar, både over, på og under overflata. Eit delta er ein type våtmark der land og vatn møtes og der elva munnar ut i fjorden. Nagløyri inkluderer også unike landformasjonar typisk for delta-område. Det er få slike igjen langs Sognefjorden i dag ettersom deltaområde ofte fylt ut for å utvide areal til landbruk og industri. Som det einaste intakte deltaet i Sognefjorden er det derfor av stor verdi å sikre denne sjeldne naturtypen for framtida.
Artar og naturtypar på raudlista
Nagløyri inkluderer også andre raudlista naturtypar, som semi-naturleg strandeng (truga/EN), strandeng (sårbar/VU), semi-naturlig eng (sårbar/VU) og slåttemark (kritisk truga/CR).
Økosystemet på Nagløyri er både variert og produktivt. Det blei registrert 18 raudlisteartar i området, der 12 av desse er artar av fugl. Fuglar nytter dei grunnare områda til næringssøk og overvintring og området har derfor ein viktig økologisk funksjon.
Elva er eit svært viktig vassdrag for laks (nær truga/NT). Det er registrert fem raudlista planter i dette mest sørlege arealet av kandidatområdet, inkludert alm (truga/EN) og pusleplantane firling (sårbar/VU), dvergsivaks (sårbar/VU), korsevjeblom (truga/EN) og nordleg evjeblom (truga/EN). Nagløyri er eit av dei viktigaste leveområda for pusleplantar i Vestland. Naturbeitemarka kan vera veksestad for sjeldne beitemarkssopp fordi det er ei gamal beitemark som har vore i langvarig hevd utan gjødsel.
Skogen på Munthemarki har eit variert naturmangfald. Skogen inkluderer gamal furuskog med felt av lavfuruskog mot elva, saman med liggande og ståande død ved i dei litt meir høgareliggjande område mot nord. I den sørlege delen av tilbodsområdet finn vi lågurtedellauvskog, i form av den raudlista naturtypen frisk rik edellauvskog (nær truga/NT). I tillegg finn vi skogtypar med høg bonitet og alm-lindeskog, som er nemnt i prioriteringslista for vidare vern i Vestland.
Hole lauvtre er spreidde i landskapet, som er viktige hot-spots for både fugl og mange sårbare og truga artar. Fleire raudlisteartar knytt til død ved av alm er registrert, som kastanjestilkkjuke (sårbar/VU), almekullsopp (nær truga/NT) og skrukkeøre (nær truga/NT). Det er også registrert store almetre og raudlisteartar som blådoggnål (sårbar/VU), okerprikk (sårbar/VU), bleikdoggnål (nær truga/NT) og almebroddsopp (sårbar/VU). Skogen i kandidatområdet Årøy naturreservat er altså svært viktig for naturmangfaldet og raudlisteartar knyta til grov alm og rik edellauvskog, og vil såleis kunne dekke manglar i skogvernet i Noreg.
Innspel og vidare framdrift
God dialog med grunneigarar og andre lokale interesser er heilt sentralt i den vidare prosessen. Vi ynskjer informasjon om korleis området vert brukt i dag, både i landbrukssamanheng, friluftsliv, kulturminne og eventuell anna bruk. Denne informasjonen, kombinert med det som er registrert av naturkvalitetar, vil danne eit betre kunnskapsgrunnlag i vurdering av vernereglane og avgrensing av verneområdet.
Statsforvaltaren ønskjer innspel til både vernereglar og vernegrenser, slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 6. februar 2026.
For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart, utkast til vernereglar og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høyringsfrist:
- 13. februar 2026 23:59
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 -
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44