Vi startar arbeidet med forvaltningsplan for Dalsfjorden marine verneområde

Høyringsfrist:
20. juli 2026 23:59
Korallnellik er eit nesledyr som trivst i straumrike område. Vanlegvis lever den djupare enn 50 meter under overflata, men i Dalsfjorden er den registrert opp til 10 meters djupne
Korallnellik er eit nesledyr som trivst i straumrike område. Vanlegvis lever den djupare enn 50 meter under overflata, men i Dalsfjorden er den registrert opp til 10 meters djupne Foto: Torgeir Kårbø.

Dalsfjorden marine verneområde vart verna i vinter, og no set vi i gang arbeidet med å skrive forvaltningsplan. Vi inviterer til innspel i oppstartsfasen og til ope møte i Bygstad. 

Publisert 22.06.2026

Statsforvaltaren i Vestland startar med dette arbeidet med ein forvaltningsplan for Dalsfjorden marine verneområde i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Askvoll. I den samanhengen inviterer vi til ope informasjonsmøte i Bygstad der vi orienterer om vernet, om gjeldande reglar, og for å få innspel til planarbeidet.

Kvifor marint vern i Dalsfjorden?

Dalsfjorden vart verna 13. februar 2026, og er eit av dei nyaste marine verneområda i Noreg. Området vart peika ut som særleg verdfullt allereie i 2004. Vernet skal ta vare på ein særeigen og avskjerma fjord med spesielle straumtilhøve, stor tilførsel av ferskvatn og rike naturtypar – mellom anna eit viktig estuarområde inst i fjorden. Fjorden er òg eit viktig oppvekst- og beiteområde for mange marine artar.

Målet er å sikre naturverdiane med minst mogleg påverknad, og området skal òg kunne brukast som referanse for forsking og overvaking. Les gjerne meir om Dalsfjorden marine verneområde eller om arbeidet vårt med marint vern i Vestland til høgre under Lenkjer. 

Dalsfjorden er ein attraktiv destinasjon for fisketurisme. Også lokalbefolkninga brukar fjorden til matauk og rekreasjon.
Dalsfjorden er ein attraktiv destinasjon for fisketurisme. Også lokalbefolkninga brukar fjorden til matauk og rekreasjon. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad.

Kva er ein forvaltningsplan?

No skal vi lage ein forvaltningsplan, den skal vere eit praktisk verktøy for forvaltninga av verneområdet. Planen skal:

  • forklare verneverdiane og bruken av området
  • gi retningsliner for bruk, dispensasjonar og tiltak
  • bidra til føreseieleg forvaltning for både brukarar og styresmakter

Prosessen med å skrive forvaltningsplan inviterer ikkje til endring av verneforskrifta eller grensene, og innfører heller ikkje nye restriksjonar, men klargjer kva som gjeld. Innspel i oppstartsfasen kan også bidra til auka kunnskap om fjorden og bruken av området. 

Kunnskapsgrunnlag og tema

Planarbeidet byggjer på eksisterande kunnskap, men kan også peike på behov for meir kartlegging eller kunnskapsinnhenting. Aktuelle tema er til dømes forureining, tekniske inngrep, framande artar, behov for skjøtsel og overvaking, samt informasjon og tilrettelegging.

ein stor sal med folk som sit på stoler og ein dame står framfor ei skjerm som syner bilete av Dalsfjorden
Under høyringa av det marine verneforslaget var det også folkemøte i Bygstad samfunnshus. Her ønskjer ordførar Jenny Følling velkomen til møtet. Møtet var i januar 2023. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Velkomen til ope møte i Bygstad

I samarbeid med Sunnfjord kommune inviterer vi til ope møte i Bygstad samfunnshus den 29. juni kl. 19.00. Der vil ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling, ønskje velkomen, og Statsforvaltaren vil deretter orientere om det nyoppretta marine verneområdet og invitere til spørsmål og innspel om forvaltningsplanarbeidet. Det vil bli mogeleg å levere innspel til forvaltningsplanarbeidet direkte skriftleg i møtet. Sjå invitasjonen til høgre under Dokument. 

Medverknad, innspel og involvering

Lokal medverknad er viktig for å sikre at relevant bruk, behov for informasjon og eventuell tilrettelegging vert omtalt og greidd ut i forvaltningsplanen. Vi ynskjer difor innspel til oppstartsmeldinga frå alle relevante partar, og dersom det er manglar på adresselista på relevante mottakarar ønskjer vi tilbakemelding om det. Oppstartsmeldinga med adresselista ligg til høgre under Dokument. 

Innspel til oppstartsmeldinga kan sendast innan 20. juli på e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no eller til postadressa vår: Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Vidare framdrift

Eit forslag til forvaltningsplan blir sendt på høyring hausten 2026, med endeleg vedtak planlagt vinter/vår 2027. Vi vil setje av 2-3 månader til høyringa.