Høyring søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid- etablering Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune for Sogn og Fjordane Energi
- Høyringsfrist:
- 28. august 2026 23:00
Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal byggje Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune med forventa oppstart i 2027 og anleggsarbeid i ca to år. Dei søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeida. Høyringsfrist er 28. august 2026.
SFE søkjer om å få etablere sjøbotndeponi av 400 000 fm3 overskotsmassar frå tunnelarbeida og om utslepp av reinsa tunnelvatn.
SFE har i vedlagte søknadar risikovurdert anleggsarbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2026/12082. Frist for å gje fråsegn er 28. august 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 28. august 2026 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høringsbrev.pdf
- Bredvatn kraftverk - søknad utslipp tunnelvann.pdf
- Bredvatn kraftverk - søknad om sjødeponi.pdf
- Bredvatn kraftverk - sedimentundersøkelse.pdf
- Bredvatn kraftverk - Partikkelspredning og effekter på marint miljø.pdf
- Bredvatn kraftverk - Fremdriftsplan.pdf
- Bredvatn kraftverk - kartlegging marint naturmangfold.pdf
- Detaljplan miljø og landskap.pdf