Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2027
Statsforvaltaren set av ein del av skjønnsmidlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.
Vi inviterer kommunane til å søke om prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2027.
Søknadsfristen er til og med 2. november 2026.
Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, https://prosjektskjonn.statsforvalteren.no
Søknadsperiode er frå 31. august til og med 2. november 2026.
I høgre kolonne finn de utsendt brev til kommunane, med retningslinjer frå Kommunal- og distriktssdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.
Vi legg følgjande søknadsføremål til grunn for 2027:
Kommunale tenester til helse og omsorg
Kommunale tenester til barnehage og skule
Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
Interkommunalt planarbeid
Samfunnstryggleik og beredskap
Klima- og miljøutfordringar
Kontaktpersonar
-
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 -
Edvard Høgestøl
Tlf: 55 57 20 45