Bremanger kommune ute av Robek
Bremanger kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2021, som viser at alt meirforbruk no er dekt inn. Kommunen blir derfor meld ut av Robek.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bremanger kommunestyre vedtok i møtet 16. juni d.å. rekneskapen for 2021. Kommunen vart meldt inn i Robek i juni 2008 etter større meirforbruk (underskot) som følgje av Terra-sakene. Sett i samanheng med storleiken på underskota frå 2007 og 2008 og seinare svært usikre og ulovlege derivatavtalar, har kommunen arbeidd systematisk og målretta slik at alt meirforbruk frå tidlegare år no er dekt inn. Bremanger kommune kan derfor meldast ut av Robek-registeret, med heimel i kommunelova § 28-5 tredje ledd.
Ved inngangen til 2022 hadde Vestland to kommunar i Robek: Gloppen og Bremanger. Gloppen kommunestyre har nyleg gjort vedtak om å godkjenne rekneskapen for 2021 med inndekning av resterande meirforbruk. Det er difor gledeleg, både for kommunane og Statsforvaltaren, at det ikkje lenger er kommunar i Vestland som er registrerte i Robek.