Fordeling av skjønn i statsbudsjettet
Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande tenester, svak økonomi og høgare sats for arbeidsgjevaravgift er prioriterte i skjønnsfordelinga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 100 mill. kroner samanlikna med 2020 (11,8 %). Reduksjonen er overført til innbyggjartilskotet i inntektssystemet.
Ramma til Vestland er 145 mill. kroner. Samanlikna med 2020 er det ein reduksjon på 18 mill. kroner, eller 11 %. Ramma er fordelt slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:
- ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 115 mill. kroner
- fornyings- og innovasjonsprosjekt 15 mill. kroner
- til seinare fordeling i budsjettåret 15 mill. kroner
Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan i budsjettåret verte endringar mellom desse rammene.
Samanlikna med 2020, er reduksjonen for ordinære skjønnsmidlar fordelt gjennom statsbudsjettet på 11,2 mill. kroner. Det er difor vanskeleg å auke opp skjønnsmidlar for enkeltkommunar som dokumenterer at det behov for det. Ramma til fordeling gjennom budsjettåret er på same nivå som i 2020. Dette er m.a. fordi det per tidspunktet for fordelinga, er uvisse knytt til endeleg inntektsoverføring til nye kommunar.