Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2026

Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold som det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapsvurdering av økonomien i kommunen når vi fordeler den tildelte ramma til kommunane.

Publisert 16.10.2025

Nasjonalt er basisramma for skjønsmidlar til kommunane auka frå kr 800 mill. kroner i 2025 til kr 830 mill. kroner i 2026. 

Departementet har omfordelt basisramma for 2026 mellom embeta på grunnlag av talet på kommunar og innbyggjarar. Dette fører til at ramma for Vestland er redusert med 15,7 mill. kroner, frå 139,1 mill. kroner for 2025 til 123,4 mill. kroner for 2026. 

Vi har fordelt vår ramme slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:

  • Ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 97,9 mill. kroner
  • Fornyings- og innovasjonsprosjekt 13 mill. kroner
  • Til seinare fordeling i budsjettåret/uføresette hendingar m.m. 12,5 mill. kroner
     (etter retningslinjene 10 prosent av basisramma).

Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling seinare i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan verte forandringar mellom desse rammene.

Les meir om fordelinga til kommunane i vårt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.