Kommuneøkonomi 2020-2023

Fylkesmannen har gått gjennom alle 43 kommunane i Vestland sine budsjett og økonomiplanar for 2020 til 2023. I tillegg til kontroll av balanse i budsjetteringa, har vi sett på sentrale økonomiske nøkkeltal, og korleis kommunane har følgt opp økonomiplanlegginga etter ny kommunelov.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.08.2020

Gjennomgangen vår viser at fleirtalet av kommunane i Vestland planlegg dei neste fire åra med låge/svake netto driftsresultat, auka lånegjeld og ein reduksjon i fri eigenkapital samanlikna med driftsinntektene. Det er først og fremst 2020 og 2021 som har låge/svake resultat og auka lånegjeld. Men styrkinga for dei to siste åra i perioden, må òg sjåast i samanheng med gjennomføring av større planlagde innsparingar i drifta i fleire av kommunane. I tillegg har kommunane ein meir usikker økonomi som følgje av koronapandemien.

Les meir om korleis kommunane budsjetterer fram til 2023 i dokumentet om kommuneøkonomien, og samla taloversikt for budsjett og økonomiplanar, til høgre i artikkelen.

 

Her finn du tidlegare publisert artikkel med budsjettbrev til alle kommunane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.