Kontroll av kommunane sine budsjett og økonomiplanar

Alle kommunestyra skal innan årskiftet vedta eit årsbudsjett for 2022 og økonomiplan for 2022 til og med 2025. Etter at vedtaka er gjort, skal budsjett og økonomiplan sendast til Statsforvaltaren for gjennomgang og kontroll. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.12.2021

Kommunane må følgje kommunelova med forskrifter når dei vedtek årsbudsjett og
økonomiplanar. For alle kommunane kontrollerer vi at budsjett og økonomiplan er i balanse, og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar. For kommunar som er registrerte i Robek (register om betinget godkjenning og kontroll) gjer Statsforvaltaren ein grundigare gjennomgang av planane. Statsforvaltaren skal for desse kommunane også godkjenne låneopptaket som kommunestyret har vedteke for budsjettåret.

For budsjett og økonomiplan skal ein kommune registrerast i Robek dersom vedtaket til
kommunestyret har ein eller fleire av følgjande manglar:

  • driftsbudsjettet for 2022 har ikkje alle utgifter dekka inn (ubalanse)
  • driftsdelen av økonomiplanen har ikkje alle utgifter dekka inn
  • driftsdelen i økonomiplanen eller driftsbudsjettet for 2022 viser at eit meirforbruk
    (underskot) frå tidlegare år er planlagt dekt inn over fleire enn to år etter at det oppstod.

Ein kommune skal også meldast inn i Robek dersom økonomiplanen eller budsjettet ikkje er
vedteke innan dei fristar som er fastsett i lov og forskrift (31.12.), eller innan ein frist som
Statsforvaltaren har fastsett etter at økonomiplanen eller budsjettet har blitt oppheva etter ein
lovlegkontroll.

Fullstendige reglar om statleg kontroll av kommunar med økonomisk ubalanse finn du i
kommunelova kapittel 28.

Etter kommunelova skal budsjettet og økonomiplanen vere realistiske, fullstendige og oversiktlege. Dei skal fastsettast på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i planperioden. Statsforvaltaren presiserer at det først og fremst er kommunestyret som gjennom sitt vedtak har ansvar for at budsjettet og økonomiplanen oppfyller kravet om realisme.

Statsforvaltaren kan med heimel i kommunelova § 27-1, etter eige tiltak, ta opp vedtak om budsjett og økonomiplan til lovlegkontroll. Rettleiaren om lovlegkontroll frå departementet seier at Statsforvaltaren bør nytte sin kompetanse til å kontrollere om kommunale vedtak er lovlege på eige initiativ med varsemd.

Fullstendige reglar om kommunanes budsjett og økonomiplanar ligg i kommunelova kapittel 14,
og lovlegkontroll i kapittel 27.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.