Vågsøy må handsame budsjett- og økonomiplanen på nytt
Vågsøy kommunestyre har vedteke budsjett- og økonomiplanen for 2019-2022 utan at alle innsparingane er fordelte på tenesteområda. Eit tilskot til fotballhallen i Florø er budsjettert under investeringar, men er for Vågsøy ei driftsutgift. Planen er difor ikkje i samsvar med lov og forskrift, og kommunen må gjere eit nytt vedtak innan 1. juni.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
2019-budsjettet
Vågsøy kommune har ein stram økonomi og må bruke av tidlegare avsette midlar for å balansere drifta i 2019. Dette viser att i eit budsjettert negativt netto driftsresultat, som igjen viser ei drift i økonomisk ubalanse. Det er i ein felles sum budsjettert med innsparingar i vakante stillingar med 1,8 mill. kroner. Dette er i hovudsak stillingar som ikkje blir med til Kinn kommune. Innsparingane må fordelast på tenesteområda. Etter god kommunal rekneskapsskikk, skal tilskot til andre juridiske einingar sine investeringar budsjetterast og førast i driftsrekneskapen. Kommunen må såleis budsjettere tilskotet på 7,75 mill. kroner til fotballhallen i Florø i driftsbudsjettet.
Økonomiplanen for 2020-2022
Sjølv om Vågsøy kommune frå 01.01.2020 skal slå seg saman med Flora kommune til Kinn kommune, skal Vågsøy utarbeide ein fireårig økonomiplan som omfattar det siste driftsåret før samanslåinga og dei tre etterfølgjande åra. Økonomiplanen skal handsamast og vedtakast etter lov og regelverk, og kan gi nyttig informasjon til fellesnemnda sitt arbeid med økonomiplan for dei første driftsåra i den nye kommunen.
I vedtaket til kommunestyret manglar det spesifikasjon for innsparingar på 25,4 mill. kroner i 2020, 42,8 mill. kroner i 2021 og 43,6 mill. kroner i 2022. Dette gjeld òg fordeling av innsparingar i vakante stillingar på 1,8 mill. kroner. Det er eit krav at innsparingar som kommunestyret vedtek for å oppnå ein økonomiplan i balanse, skal vere fordelte ut på dei enkelte tenesteområda. Dette inneber at innsparingane blir fordelte og trekkjer ned dei ulike løyvingane etter kommunestyret sine prioriteringar. I praksis fordeler kommunestyret meir midlar til tenesteområda enn kommunen har midlar til. Avklaring med fordeling av tiltaka er viktig for at Vågsøy kommune skal ha ein økonomi i balanse når fellesnemnda skal gjere arbeidet med budsjett- og økonomiplan 2020-2023 til det nye kommunestyret for Kinn kommune.
Kommunen har allereie ei høg lånegjeld, og legg opp til ein sterk auke vidare. Dette betyr auka finansutgifter for Kinn kommune, og den nye kommunen blir meir sårbar for ei eventuell auke i renta, som igjen får konsekvensar for midlar som skal brukast til tenester for innbyggjarane.