Statsforvaltaren tilrår ikkje grensejustering
Statsforvaltaren har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet utgreidd sak om justering av kommunegrensa mellom Alver og Modalen kommunar, alternativt Masfjorden kommune. Bakgrunnen for utgreiinga er eit innbyggjarinitiativ frå innbyggjarar i gamle Romarheim-Urdal skulekrins i Alver kommune.
Statsforvaltaren har på grunnlag av opplysningane i utgreiinga, kome fram til at det er rett å tilrå at kommunegrensa ikkje bør justerast. Vi har mellom anna lagt vekt på at verken utgreiinga eller innbyggjarundersøkinga har avdekt tilhøve som tilseier at ei grensejustering i tråd med innbyggjarinitiativet gir nokon garanti for ønskt utvikling og meir føremålstenlege tenester og forvaltning for innbyggjarane i området, slik føremålet med inndelingslova legg opp til.
Det er no opp til Kommunal- og distriktsdepartementet å ta endeleg stilling til om det skal gjennomførast ei grensejustering. Les meir i brevet til KDD i høgre marg.
Kontaktpersonar
-
Ove Midtbø
Tlf: 57 64 31 76 -
Synnøve Stalheim
Tlf: 57 64 30 04 -
Edvard Høgestøl
Tlf: 55 57 20 45